Hopp til innhold

Rådmennene: – Bybane vil vera mest attraktivt for publikum

Rådmennene i Stavanger, Sandnes og Sola tilrår politikarane å gå for bybanekonseptet på Nord-Jæren.

Bybanen i Stavanger

Bybanekonseptet, som rådmennene har vurdert, inneber jernbane, bybane, buss, sykkel og gonge.

Foto: Illustrasjon

I dag har rådmennene i dei tre kommunane Sandnes, Stavanger og Sola kome med ei felles tilråding til politikarane som skal avgjera om det vil bli bussveg eller bybane på Nord-Jæren.

Her går det klart fram at dei meiner bybane vil vera det beste valet.

– Meir attraktivt

– Med eit bybanekonsept kan ein bygga tettare og med betre kvalitet, enn med bussveg, heiter det i tilrådinga.

Rådmennene vurderer at publikum vil oppleva eit bybanekonsept som attraktivt og tåla restriksjonar i biltrafikken betre med eit bybanekonsept enn med bussveg.

Dei legg også vekt på lokal- og regionalutvikling. Traseen dei har vurdert går mellom Stavanger sentrum og Sandnes sentrum, til Sandnes Aust og Forus Vest via Sola sentrum til Stavanger lufthamn og frå Stavanger til Lervig.

Nå skal kommunalstyret for byutvikling, formannskapet og bystyret behandla innstillinga til rådmennene politisk.