Har du merka at dette vindauget er borte?

Det starta som eit tiltak mot matsvinn, men blir no kravd fjerna til fordel for klima. Forbrukarane rår, og bedrifter følgjer etter.

Q-melkekartong med målevindauge.

SKULLE REDUSERE MATSVINN: Argumentet for å innføre målevindauget, var i si tid at det skulle bidra til å redusere matsvinn. Tolv år seinare er det fjerna, som unødvendig plast forbrukarane vil ha vekk til fordel for klima.

Foto: Kavli

I ein fersk rapport slår Norstat fast at den viktigaste grunnen til at verksemder jobbar med miljø -og klimatiltak, er at kundane deira forventar det.

Q-meieria er blant dei som tek grep, og fjernar målevindauget, etter krav frå forbrukarane.

– Eg trur folk blir meir og meir bevisste på vala sine, og det blir eit krav at du har ein klimarekneskap, seier Kristine Aasheim, administrerande direktør for Kavli Noreg.

Er det sånn at om du ikkje henger med, så...?

Så taper du, seier ho.

Kavli eig Q-meieria, som for tolv år sidan lanserte målevindauget på mjølkekartongane. Den gongen med slagord som «Q gir deg innsyn, der Tine stengjer deg ute».

Kristine Aasheim, direktør i Kavli Noreg, og Bent Myrdal, direktør i Q-meieriene, observerer produksjonen.

LYTTAR TIL FORBRUKARAR: Direktørane i Kavli Noreg og Q-meieria er klare på at ein grøn og klimavennleg profil er viktig for omdømme til bedrifta.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

I 2008 var innføring av målevindauge på kartongane eit grep for å redusere matsvinn. Den gongen òg etterspurd av forbrukarar.

Tidene endrar seg, og det som ein gong var god reklame å innføre, er det no god reklame å fjerne.

I 2020 er nemleg plast ein syndebukk. Forbrukarar vil heller bruke pengar på å bidra til å betre sin vesle del av den store klimarekneskapen.

– Vi har fått spørsmål om alle produkta våre, og det går mykje på plast, seier administrerande direktør i Q-meieria, Bent Myrdahl.

Rekke på rekke med mjølkekartongar inne på Q-meieriet på Klepp.

RAD PÅ RAD: Korkane på mjølkekartongane er biobaserte. Dei erstattar dei gamle plastkorkane som kom i 2003. Den gong som tiltak mot matsvinn, no som unødvendig plastsøppel.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Langt fleire snakkar om klima

At ein kan skilte med berekraft og klimatiltak har lenge vore viktig i næringslivet, men den siste tida har dette skutt fart, ifølgje Tone Grindland, direktør i NHO Rogaland.

– I 2019 skjedde det store endringar i medvitet og politikken relatert til klima, seier ho.

Grindland meiner at no når klima dominerer ordskiftet, blir det synlegare for bedrifter kva ulike løysingar dei kan bidra med.

I tillegg til verknaden forbrukarane har, fann Norstat at over to tredjedelar seier at deira verksemder i stor eller svært stor grad er opptekne av miljø og klima – og at halvparten av leiarar no meiner det er lønsamt å tenke miljøvennleg.

At det har vore ei eksplosiv auke i talet på bedrifter som vil ha ein klima- og miljøvennleg profil stadfester Kristin Ytreberg, leiar i Miljøfyrtårn.

Ann Kristin Ytreberg i Miljøfyrtårn.

STOR AUKE: Ann-Kristin Ytreberg, dagleg leiar i Miljøfyrtårn, seier at i tillegg til forbrukarane er både det offentlege og dei tilsette i bedriftene med på å drive fram klima -og miljøtiltak.

Foto: Erland Grøtberg

– Vi har i dag mellom 60 og 70 prosent fleire som tek kontakt med oss, enn vi hadde for to år sidan, fortel Ytreberg.

Miljøfyrtårn gjev bedrifter eit miljøvennleg sertifikat om dei oppfyller visse krav som organisasjonen set. Ho påpeiker at motivasjonen ikkje berre kjem frå forbrukarane.

– Du har òg eit større press frå dei tilsette, ikkje minst. Dei vil jobbe ein plass kor arbeidsgivaren gjer dei riktige tinga, seier ho.

Reduksjon på 300 over tonn

For Q-meieria sin del er å fjerne plastvindauga på mjølkekartongane berre ein del av dei totale kutta forbrukarane har etterspurt. Totalt skal over 300 tonn plast vekk frå deira produkt.

– Det er eit krav frå forbrukarane våre som vi syns er legitimt, og vi tek sjansen på å gjere det, seier direktør Myrdahl i Q-meieria.

Ekspedisjonsmedarbeider i arbeid på Q-meieriet på Klepp.

I FULL SVING: Ekspedisjonsmedarbeidar Tore Undheim er ikkje overraska over at Q-meieria kuttar plast. Han seier det er ennå viktigare enn før at alle bedrifter viser at dei bryr seg om klima og miljø.

Foto: Elias Håvarstein / NRK