Hopp til innhold

Purrelauken som blei sølvlauk

Denne purrelauken ville aldri nådd norske butikkar, men den nådde sølvfatet til Christopher W. Davidsen under Bocuse d'Or.

Purrelauk som har gått opp i stokk

PURRE FRÅ BRYNE: Denne purrelauken har «gått opp i stokk», og har derfor ei hard kjerne.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Sigurd Slettebø

Sigurd Slettebø blei ringt opp av kokkane i Bocuse d'Or Norge då han sat på traktoren sin på Bryne.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Etter å ha servert ein tallerken med kjøt og ein tallerken med grønsaker tok den norske kokken Christopher W. Davidsen og laget hans eit sterkt sølv under VM i kokkekunst i Lyon onsdag kveld.

Davidsen gir mykje av æra for dette til den heilt spesielle purrelauken han brukte i vegetarretten sin. Ein purrelauk som er dyrka av bonde Sigurd Slettebø frå Bryne.

Purren er spesiell på grunn av at den har ei hard kjerne. I norske butikkar er den uønskt, så bonden frå Jæren blei overraska då han blei kontakta av kokkane i Bocuse d'Or Norge.

– Har «gått opp i stokk»

– Dei spurde om eg kunne levera purre med hard kjerne. Eg forstod først ikkje kva dei meinte, men så forstod eg at det var purre som hadde «gått opp i stokk» dei var ute etter, fortel han.

Det betyr at den har vakse på «feil» måte og er snart klar til å få ein blome på den harde stengelen.

At Davidsen brukte denne type purre i konkurransen har vekka oppsikt i Frankrike.

– Purrelauken er mitt ess i erme. Eg har blitt intervjua av franske aviser og TV-kanalar på grunn av råvarene eg brukar i vegetarretten. Ingen i verda har tidlegare brukt denne type purrelauk, sa sølvvinnaren til NRK like før han tok imot prisen sin.

Christopher W. Davidsen

Her jobbar Christopher W. Davidsen på kjøkkenet i kamp mot kokkar frå 23 andre land. Det heldt til sølv.

Foto: Fredrik Ringe

Avfallsprodukt

– Det har vore veldig spanande å vera med på dette i haust og vinter, me har levert eit par kassar i veka til Kronen gard, der han har trent, fortel Slettebø.

Det var først i går han kunne snakka om den spesielle leveransen, som fram til då var topp hemmeleg, og allereie har dei første bestillingane kome inn frå finare restaurantar gjennom Bama storkjøkken.

– Smaken skal minna litt om asparges, men med litt av purresmaken i tillegg, seier han om purrelauken, som var god nok til sølv i Bocuse d'Or.