Hopp til innhold

Pupper på torget

På forskingstorget i Stavanger sentrum på laurdag stilte Kreftforeninga med naturtru silikon-bryst, slik at publikum sjølv kunne "oppdage" kreftsvulstar.

På Forskingsdagane i Stavanger sentrum viser Kreftforeninga fram pupper i silikon, slik at publikum kan kjenne forskjell på dei som er kreftsjuke og dei som er friske.

Publikum fekk kjenne forskjell på eit bryst med og uten kreftceller.

Kreftforeninga jobbar for at kvinner sjølv skal oppdaga om dei har fått ein kreftsvulst i brystet sitt.

På standen i Stavanger sentrum i dag, var rådgjevar i Kreftforeninga i Stavanger, Elisabeth Leiros på plass. Ho forklarte forskjellen på eit friskt og eit kreftramma bryst til dei som var interesserte i å høyre om temaet.

Elisabeth Leiros, rådgjevar Kreftforeninga, Stavanger

Elisabeth Leiros, rådgjevar Kreftforeninga, Stavanger, møtte mange menneske som var interesserte i temaet brystkreft på standen i Stavanger sentrum.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Elisabeth Leiros, rådgjevar i Kreftforeninga i Stavanger oppfordrar elles folk til å forske litt på seg sjølv. Det gjeld spesielt bryst for kvinner og testiklar for menn.

– Det er nemleg viktig å oppdage endringar i kroppen tidleg, for å koma raskt under behandling og auke sjansane for å bli heilt frisk igjen, seier Leiros.

DNA er nøkkelen

Professor Emiel Janssen, som forskar på kreftgåta

Professor Emiel Janssen, er interessert i DNA-forskjellar på friske og kreftsjuke menneske.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Kreftforskar Emiel Janssen på også på plass på Torget i Stavanger. Han er mellom anna opptatt av korleis det er råd å oppdaga forskjell i DNA i dei friske og dei kreftsjuke cellene på eit tidleg stadium.

Dette er ikkje lett å oppdaga, men lukkast arbeidet blir det enklare å oppdage kreft tidlegare i sjukdomsutviklinga enn i dag.

Samstundes var forskaren på jakt etter innspel og observasjonar frå dei som stakk innom. Korleis det er å leve med kreft, er eitt tema, som Janssen gjerne ville høyre publikum sine erfaringar med.

Forskarane viser seg fram i saman

Forskingstorget i Stavanger sentrum blei arrangert av Tekna – Teknisk-naturvitskapeleg foreining, og Jærmuseet, avdeling Vitenfabrikken, i samarbeid med den lokale Forskningsdagskomiteen som blir leia av Universietet i Stavanger.

Tanken bak Forskingstorget er å invitere barn og vaksne til undring og ein innsyn i forskarverda. I tillegg vonar arrangørane at folk skal ta med seg ny kunnskap heim att.