Brevet var sendt frå Jæren, men posten vil ikkje opplysa kvar det skulle.
Området vart sperra av, og konvolutten er sendt med kurer til Oslo der det vert analysert ved Statens institutt for folkehelse.
Brevet vart oppdaga fordi det dryssa kvitt pulver ut av det, og dei tilsette har fått antibiotikabehandling.
Det kan ta så mykje som fire dagar før politiet får svar på om brevet inneheld dei frykta miltbrann-bakteriane.
Først ved midnatt i går fekk vart arbeidet starta opp att på Forus, og dette fører til at 10-11 000 brev til Nord-Jæren vert forseinka.