Hopp til innhold

Pub-kjede hissa på seg politikarar – nå legg dei seg flate

Den danske pub-kjeda The Old Irish Pub har brote fleire regelverk allereie før opninga i Stavanger.

Peder Blak

Administrerande direktør i The Old Irish Pub, Peder Blak inne i lokalet i Stavanger der dei snart skal opna sin fjerde pub i Noreg.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Torsdag 11. april skal formannskapet i Stavanger ta stilling til om puben skal få skjenkeløyve eller ikkje.

– Me har lært av feila me har gjort i denne saka, seier administrerande direktør for The Old Irish Pub, Peder Blak.

Han besøkte i dag Stavanger på grunn av den dårlege starten dei har fått i samanheng med etableringa her. NRK fortalde fredag at puben har blitt skulda for rasisme og kriminalitet, og at politikarar i byen er skeptiske til etableringa.

Nå både innrømmer og beklagar Blak mykje av det som har kome fram i saka. Mellom anna at handverkarane, som jobbar med å setja puben i stand, to gonger har hatt ulovleg innlosjering.

Snart seks pubar i Noreg

– Dette er på mine skuldrer og me skulle ha visst betre. Nå er det orden på dette. Arbeidarane bur delvis i hus og delvis på hotell, seier Blak.

The Old Irish Pub er ingen lettvektar i bransjen, med sine 23 pubar i Danmark og tre i Noreg (to i Oslo og ein i Drammen). Dei er også i gang med å etablera seg i Stavanger, Skien og på Majorstua i Oslo. I dag er det tilsett om lag 200 nordmenn i kjeda.

I samanheng med etableringa i Stavanger har dei også blitt kritisert for å ha klistra opp ulovleg alkoholreklame på vindaugo til puben.

– Det hadde blitt bestilt marknadsføring frå eit byrå, og ved ein feil blei dette godkjent. Då me oppdaga det så pilla me det ned med ein gong. Alt skal nå godkjennast ein ekstra gong, før me setter noko i verk.

Han avviser likevel ein påstand lokalpolitikar i Frederiksberg kommune, Balder Mørk Andersen, har kome med om rasisme. Han hevda å ha sett dørvakter nekta folk inngang på grunn av hudfarge i Danmark.

– Han har stått å kikka i ti minutt. Det gir ikkje eit bilete av korleis det er ein heil kveld. Vurderinga går på om folk er for rusa, er dei det så skal dei avvisast i døra, seier han.

The Old Irish Pub

«Gin & Beer» stod det på klistermerka som pub-kjeda limte opp på rutene sine. Dei er nå vekke.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Uavklart om skjenkeløyve

Det er ikkje avgjort om puben får skjenkeløyve, og Blak har nå sendt eit brev til rådmannen der han greier ut om det som har skjedd. På fredag sa Venstre sin ordførarkandidat i Stavanger, Jan Erik Søndeland, at puben ligg syltynt an.

Han har nå høyrt beklaginga og er kjent med brevet som rådmannen har fått.

– Det er bra at han endeleg har forstått alvoret, men eg synest framleis det er spesielt at dei først nå forstår korleis reglane i Noreg fungerer. Dei har trass alt drive på i Noreg ei stund, seier han.