Hopp til innhold

– Kjem aldri til å gløyme ranet

Ein ny rapport viser at Nokas-tilsette har fått alvorlege psykiske seinskadar etter ranet. – Eg tenkjer på ranet litt for ofte, seier Reidun Førland, som var på jobb då ranet skjedde for ti år sidan.

Nokas-ranet

Nokas-ranet for ti år sidan var ei traumatisk oppleving for dei som jobba på teljesentralen i Stavanger.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Reidun Førland

Reidun Førland på Domkirkeplassen ti år etter Nokas-ranet.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

– Eg kjem aldri til å gløyme ranet. Eg trur ingen som var der den dagen nokon gong kjem til å gløyme det, seier Reidun Førland.

Ho var på jobb då ranet skjedde for ti år sidan, og var hovudtillitsvalt for de Nokas-tilsette.

– Eg tenkjer på ranet litt for ofte. Tankane kjem tilbake i enkelte situasjonar, det kan vera når eg høyrer enkelte lydar, ser store menneskemengder, og støy, seier Førland.

Omfattande skadar

Ein fersk rapport viser at ho ikkje er den einaste som ennå er plaga av opplevingane i Nokas-bygget for ti år sidan. Alle dei Nokas-tilsette, bortsett frå ein, har vore med i undersøkinga.

Aldri før ha ein undersøkt langtidsverknadane til folk så lang tid etter ei traumatisk oppleving. Det er Finansforbundet som står bak rapporten.

– Rapporten viser at dei tilsette har omfattande psykiske seinskadar av et omfang me ikkje har vore klar over tidlegare, seier Pål Behrens, advokat for dei Nokas-tilsette.

Redusert livskvalitet

Funna i undersøkinga viser at dei tilsette som var til stades under ranet slit med nedsett minne, nedsett arbeidsglede og arbeidsevne, nedsett glede over fritidsaktivitetar og sosial isolering. Fleire har måtte slutte i jobben.

– Så ein kan seia at den allmenne livskvaliteten deira har blitt redusert som følgje av det alvorlege ranet dei vart utsette for, seier Behrens.

Behrens seier dette er nye opplysningar som vil vera viktige for korleis ein handterer tilsette som blir utsette for liknande alvorlege hendingar i framtida.

– Kollegaer har hjelpt meg

Reidun Førland hadde som hovudtillitsvalt eit særskilt ansvar etter ranet.

– Etter ranet hadde alle eit veldig behov for å snakka med kvarandre om kva dei hadde opplevd. Som tillitsvalt var det til meg dei kom. Det var jo ikkje alltid så lett å prata med dei heime – dei forstod jo ikkje kva dei hadde opplevd, seier ho.

Førland seier at ho har lært seg å takla verknadane av Nokas-ranet.

– Mine samtalar med kollegaer har hjelpt meg å takla dette i ettertid. For eg følar for så vidt at det har gått greitt, sjølv om det framleis kjem opp ting som plagar meg, seier Førland.

10 år etter Nokas-ranet jobbar ennå seks av dei som opplevde ranet i 2004- i den nye teljesentralen i Stavanger. Men ein fersk rapport viser og at mange har fått store psykiske problem og fleire har slutta. Me skal møte ei som ennå jobbar i Nokas.