Hopp til innhold

Psykebilen er redda

Psykiatriambulansen i Stavanger blir ikkje lagt ned likevel opplyser Stavanger universitetssjukehus i ei pressemelding.

Målfrid Frahm Jensen foran psykebilen

Målfrid Frahm Jensen tok initiativ til ein psykiatrisk ambulanse i si tid.

Foto: Inger Johanne Stenberg

«Etter faglig vurdering der konsekvensene av en reduksjon av dette ambulanse-tilbudet, har administrerende direktør besluttet at psykebilen ruller videre.»

Dette skriv i dag administrerande direktør ved Stavanger universitetssjukehus, Bård Lilleeng, i ei pressemelding på heimesidene sine.

Psykebilen er ein spesialbygd ambulanse for psykiatrioppdrag. Det er fjerna ein god del sprøyter og utstyr som kan vera til skade for pasientane. Tidlegare i år blei det kjent at tilbodet i Stavanger kunne ryka grunna innstramingar i økonomien til Helse Stavanger i 2013.

– Vi er glade for å kunne oppretthalda dette gode tilbodet til dei aktuelle pasientane, seier divisjonsdirektør Hans Tore Frydnes i ein kommentar.