NRK Meny
Normal

Full mann prøvde å symja med båten sin på slep

Då båten på meir enn 20 fot fekk motorstopp hoppa den fulle føraren uti for å slepa den med seg på eigen maskin. Nå er mannen i politiets arrest.

Laster kart, vennligst vent...

Det var her i Kopervik den mistenkelege båtføraren blei observert.

Klokka 03.58 fekk politiet i Haugesund inn tips om ein båtførar, som såg ut til å ha litt problem i gjestehamna i Kopervik.

– Han hadde først ført båten ut av gjestehamna på ein underleg måte. Då han endeleg hadde fått den ut fekk han motorstopp, då hoppa han sjølv uti sjøen og prøvde å dra båten med seg, fortel operasjonsleiar i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne-Reitan.

La ut på symjetur

Dette var ein båt på meir enn 20 fot, og ikkje berre berre å slepa med seg. Så mannen kom seg oppi båten, og fekk start på motoren.

På dette tidspunkt hadde politiet rykka ut, og fekk følgde båten frå land.

– Han hadde ein rufsete kurs oppover mot Smedasundet, fortel Utne-Reitan.

Eigen båt

Ved ei seglforeining lukkast politiet med å få fatt i mannen, som måtte rett på legevakta for blodprøve.

– Indikasjonane me har så langt tyder på at han hadde ein promille langt over grensa, fortel Utne-Reitan.

Politiet har også sjekka opp om båten var stolen, men det viser seg at det var eigaren av båten som sjølv la ut på fylleferd.