Hopp til innhold

Prøvde å sparka politimann

Ein taxisjåfør måtte i natt melda frå til politiet om ein bråkete passasjer han hadde i bilen på Hana i Sandnes. Då politiet kom på staden prøvde mannen å sparka ein av tenestemennene. Politimannen blei ikkje skadd, men passasjeren blir meld for forsøk på vald mot offentleg tenesteperson.