Hopp til innhold

Prøvde å køyra ned politimann

Det blei dramatisk då politiet klokka tre i natt hadde trafikkontroll på Karmøy. Ein motorsyklist køyrde i høg fart rett mot ein polititenestemann, som klarte å koma seg unna. Motorsyklisten hadde likevel så høg fart at han sjølv ikkje klarte å ha kontroll på sykkelen og velta då han skulle passera politibilen. Han blei ikkje skadd, men er meld for køyring i påverka tilstand, utan gyldig førarkort, forsøk på vald mot offentleg teneste mann, for å ikkje stoppa for trafikkontroll, køyring med falske skilt og for å ha på seg mindre mengder narkotika.