500 elevar frå fem ulike vidaregåande skular i Rogaland er inviterte til å delta på arrangementet på Vågen vidaregåande skule i dag.
Ungdommens PFU er eit delprosjekt i «Kor har du det frå?». Kampanjen for journalistikken, som presseorganisasjonane NRK og TV2 står bak.
Målet med kampanjen er å bidra til at ungdom blir gode og kritiske mediebrukarar, gjennom kjennskap til journalistikk og presseetikk.
- Er du god i presseetikk? TA TESTEN HER!
Dette er eit samarbeid mellom NRK Rogaland, Stavanger Aftenblad, Jærbladet, Rogalands Avis, Rogaland og Agder redaktørforeining, Stavanger journalistlag, Universitetet i Stavanger (institutt for mediefag) og Vågen vgs. (avd. for medium og kommunikasjon).