Det er stille rundt trekkspelmusikanten i Stavanger sentrum på dagtid. Men på kvelds- og nattetid dukkar dei prostituerte opp på stadig nye område i sentrum av oljehovudstaden.
– Dei blir fleire, og dei opptrer meir pågåande overfor mannfolk, seier etterforskningsleiar ved Stavanger politistasjon, Kristian Johansen.
- Les òg:
- Les òg:
- Les òg:
– Øydelegg festivalstemning
Når store by-festivalar som Tall Ships Races og Gladmatfestivalen står for døra er han redd at talet på prostituerte kan auka endå meir, og at dette vil øydeleggja for den gode festivalstemninga.
Særleg på grunn av den aggressive framferda til fleire av dei prostituerte kvinnene:
– Folk kan oppleva å bli tatt tak i og stoppa når dei prøver å gå forbi. Om dei avviser tenestene dei får tilbod om hendar det at kvinnene følgjer etter dei vidare utan å gje seg, seier Johansen.
Visar vekk prostituerte
Og festivalane vil vera ekstra på vakt i sommar ekstra på vakt i sommar.
Under Tall Ships Races blir alle prostituerte viste vekk frå festivalområdet, seier prosjektleiar Jørn Snorre Andersen:
– Prostituerte høyrer med til den gamle seglskutetida for 100 år sidan, men det er den type arrangement me lagar nå. Dette er ein folkefest og eit familiearrangement kor prostituerte ikkje er ønskelige, seier han.
Han seier at om dei blir ein veldig synleg del av festivalområdet vil det setja ein dempar på festen.
– Utanfor målgruppa
Trass politiet i at politiet er uroa ser leiar for Albertine-prosjektet som jobbar med å hjelpa prostituerte i Rogaland, Anette Hagelin annleis på det.
Dei er ikkje urolege for at kundegrunnlaget skal skyta i veret saman med sommar-festivalane:
– Dette har ikkje skjedd tidlegare, og eg trur heller ikkje at det vil skje nå. Tilbakemeldingane me får er at festivalane stressar dei prostituerte. Årsaka til dette er at målgruppa deira ikkje er dei som går på desse festivalane. Målgruppa deira er den mannen som er ute og har seg eit par øl på byen, seier ho.
Også i Oslo har pågåande prostituerte lenge vore eit problem i bybilde. Så langt i år har 20 prosent fleire tatt kontakt med Pro Senteret. Dette er prostituerte som sel sine tenester over heile landet, men i hovudsak i hovudstaden.
- Les òg:
Hagelin meiner politiet ikkje gjer ein god nok jobb for avgrensa prostitusjonen i dag:
– Dei er for dårlege i å finna ut situasjonen bak kvinnene. Dei er flinke til å vera synlege i helgene og om kveldane, men det løyser ikkje prostitusjonsproblemet i byane, seier ho.