Hopp til innhold

Særprega butikktak skal gje trivsel i bygda

Finansieringa av forprosjektet er nå på plass. Det nye taket på butikken på Nesflaten i Suldal, skal vera på plass i 2019.

Slik skal taket på butikken på Nesflaten i Suldal sjå ut i 2019

Slik skal taket på butikken på Nesflaten i Suldal sjå ut i 2019. Foto: Liv på Nes.

Ei gruppe frå Nesflaten bestemte seg for å skape bulyst, og hindre fråflytting og utarming av bygda.

Startskottet gjekk i 2014. Nå har dei fått fullfinansiert forprosjektet, som om tre år skal ende opp i kunstprosjektet "Views".

– Nå må me få ekspertise på plass for å vurdere takkonstruksjonen på butikken opp mot planane våre, slik at me kan få ut anbodspapir neste år, seier kunstnarleg leiar Gunhild Moe.

Slik skal taket på butikken på Nesflaten sjå ut i 2019

Utsikten frå taket på butikken på Nesflaten, når det står ferdig. Foto: Liv på Nes.

Det står ein danske bak

Det er den danske kunstnaren Jeppe Hein som står bak kunst- og arkitekturprosjektet. Det skal bidra til eit levande sentrum, styrka trivsel og auka næringsgrunnlaget i bygda med 200 innbyggjarar.

Han er busett i Berlin og står bak fleire verk i offentlege rom i Europa, Asia, Nord-Amerika og Australia.

Les også: Nytt kunstverk skal skape nytt liv i bygda

Siste brikke på plass

I februar i år, to år etter at dei gjekk ut med planane sine, fekk arbeidsgruppa beskjed om at Ryfylkefondet hadde sagt ja til å vera med å finansiera planane.

Då hadde alt KORO, det statlege fondet "Kunst i offentlege rom" gitt sitt bidrag. Det hadde også Rogaland Fylkeskommune, Suldal kommune og Fondation de France gjort.

Til saman har forprosjektet fått inn 580 000 kroner i støtte.

Les også: Sankar inn pengar til "Liv på Nes"

Slik skal det bli

Jeppe Hein har teikna eit tredelt verk. Det består av ein inngangsportal og ei fontene ved kaien nede ved Suldalsvatnet, og eit nytt tak på det kommunale Sentrumsbygget.

Kunstverk i Øvre Suldal

I tillegg til nytt tak på butikken, skal også ei ny fontene på plass nede ved dampskipskaien.

Foto: Liv på Nes

Verket har utsikt som tema. Det nye taket er forma som eit fjell med dalar og kvelvar som reiser seg over det kommunale sentrumsbygget, der butikken i bygda held til.

"Fjellet" har fem ulike punkt med unik utsikt og fokus frå kvar av dei, designa for ulike opplevingar.

Nesflaten ligg i Øvre Suldal, lengst nordaust i Rogaland