Hopp til innhold

Har promilletesta 600 nattklubbgjester

Mange har høgare promille når dei kjem til byen, enn når dei går heim. Det er eit av resultata i prosjektet «Trygt uteliv» i Haugesund.

Aksjon for trygt uteliv i Haugesund

Det meste av Haugesunds uteliv er samla langs Indre kai, der promilletestinga går føre seg. På 150 meter er det 16 utestader, eitt hotell og eitt gatekjøkken.

Foto: Magnus Berning / NRK

Over 600 nattklubbgjester på veg til eller frå «lysløypa» på Indre kai i Haugesund har latt seg promilleteste i prosjektet, som er eit samarbeid mellom Haugesund kommune, politiet, utelivsbransjen og Røde Kors.

Pål Edward Gjil

Politiførstebetjent Pål Edward Gjil er prosjektleiar for «Trygt Uteliv» i Haugesund.

Foto: Magnus Berning / NRK

– Dei førebels resultata viser at folk ofte har høgare promille når de kjem til byen enn når dei dreg heim, seier politiførstebetjent Pål Edward Gjil ved førebyggjande gruppe i Haugesund.

Har sett opp telt på kaia

Han er prosjektleiar og koordinator for «Trygt uteliv» I kvar ende av Indre kai har han sett opp telt der restaurantgjester på veg til og frå byen blir oppmoda om å la seg teste for promille.

Dessutan ber politiet dei svara på nokre kartleggingsspørsmål, som kor dei kjem frå og om dei har vore på vorspiel eller ikkje.

«Trygt uteliv»-prosjektet skal gjera restaurantgjestene meir merksame på kor påverka dei blir av alkoholen dei får i seg. I Haugesund samarbeider politiet tett med utelivsbransjen kvar einaste helg.

I kø for å bli testa

Og den frivillige promilletestinga har vorte populær.

– Nokre har latt seg teste to gonger same kveld, fortel Gjil, litt lattermild
over den gode oppslutninga.

– Det er vel sportsånda i Ola Nordmann, at dei skal prøve å slå bestekompisen i å ha høgast mogleg promille. Dei synest det er eit artig påfunn, og folk står i lang kø for å blåse både når dei skal til byen og når dei skal heim att, seier han.

Prosjektet Trygt uteliv i Haugesund

Prosjektet «Trygt uteliv» skal gjera folk meir bevisste på kor mykje dei drikk. Det har vist seg å vera populært.

Foto: Magnus Berning / NRK

Avlivar myte

Mange trur at det i desse julebordstider er ekstra mykje bråk og fyll i byen. Men det er berre ein myte, meiner politiførstebetjenten.

– Vi opplever at julebordgjestene oppfører seg vakse, går i fine klede og ofte er saman i grupper. Dei er som oftast glade og i godt humør, seier Gjil.

Han skryt av samarbeidet med utelivsbransjen i Haugesund – eit samarbeid som er tett året rundt.

Kvar fredag og laurdag har politiet og bransjen møter der dei går gjennom kva som skal skje av arrangement i distriktet.

– Denne dialogen gjør at vi kan vera i forkant av eventuelle problem og utfordringar som kan dukka opp seinare på kvelden, seier Gjil.

På «luftetur» med Røde Kors

Henrik Bie Paulsen

Henrik Bie Paulsen i Haugesund Røde Kors hjelpekorps blir gjerne med på fleire «testkveldar».

Foto: Magnus Berning / NRK

Sist fredag var Røde Kors invitert til å vera med på aksjonen. Det blei ein positiv erfaring for alle partar.

– Vi var med både frå hjelpekorps og omsorgsavdelinga. I teltet tilbyr vi ein kopp kaffi, eit varmt ullteppe og nokon å snakke med. Nokre gonger hjelper vi også dei som har fått litt for mykje innanbords med å gå ein «luftetur», fortel Henrik Bie Paulsen i Haugesund Røde Kors sitt hjelpekorps.

– Folk er generelt sett veldig trivelege, og vi ser fram til å kunne få vera med på dette også ein annan gong, legg han til.