Hopp til innhold

Professor spår langvarig kyllingsvikt

Forbrukarprofessor Håvard Hansen ved Universitetet i Stavanger trur svikten i salet av kyllingkjøt kan bli langvarig, og at matbransjen og styresmaktene har vore makteslause i sin kamp mot eit av tidenes forbruksopprør i Norge.

Spår langvarig kyllingsvikt.

VIDEO: Professor Håvard Hansen seier den store svikten i kyllingsalet er unik i Norge, kor folk vanlegvis er trufaste mot norske varer.

– Det er litt skremmande når du høyrer at du må vaska hendene og at det er bakteriar. Det gjer at det ikkje fristar så mykje å kjøpa kylling, seier Jorunn Gjermestad.

Ho er på handletur i Egersund – og er ikkje åleine om å droppa kylling til tacoen.

– Det er nok litt unikt at dette skjer i Norge kor me alltid har hatt veldig tiltru til norsk matproduksjon, seier professor Hansen.

Han er professor i forbruk og følgjer interessert med på nordmenn sine handlevanar. Sjeldan har han sett ei større forbruksendring enn dei siste månadane.

– Oppsiktsvekkande

Jorunn Gjermestad

Jorunn Gjermestad lar seg ikkje freista til å kjøpa kylling.

Foto: Eirik Gjesdal

Endringane gjeld nordmenn sitt forbruk av kylling. For i år reknar Nortura med at kyllingsalet går ned med 15 prosent, noko som rammar kyllingprodusentane hardt.

I år vil nordmenn ete ni millionar færre kyllingar enn i fjor.

– I norsk målestokk er ein så stor reduksjon ganske oppsiktsvekkande, seier professoren.

Forbrukarforskaren meiner mange negative kyllingoppslag i media er delar av årsaka.

– Når me går inn i butikken og blir eksponerte for tusentals av inntrykk vil nokre av dei bli assosierte med negative ting. Var det siste du gjorde før du gjekk i butikken å lesa eit negativt oppslag om kylling, kan det vera du unngår den. Samtidig såg du kanskje ei fin annonse av eit ferdig fiskeprodukt, som i tillegg var på tilbod, som blir lettare å velja.

Fiskesalet eksploderer

Medan kyllingsalet går ned, eksploderer fiskesalet. Butikkjedene sine satsingar på ferske fiskefiletar utan skinn, kombinert med mindre kyllingsal, er noko av forklaringa.

Salet av fersk porsjonspakka fiskefiletar har auka med 69 prosent dei siste to åra, viser tal frå Norges sjømatråd.

– Får me igjen positiv omtale av kylling kan me oppleva ei utflating eller at folk som i dag vel fiskefiletar går tilbake til kyllingfilet. På den andre sida skal ein ikkje sjå vekk frå at fiskevanane festar seg, seier professor Hansen.