NRK Meny
Normal

E39 stengt i fleire timar

Trafikk-kaos og lange køar prega distriktet torsdag ettermiddag grunna flaum og stengte tunnelar.

Kø

Stengde vegar skaper lange køar, her ved Randaberg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

E39 Byfjordtunnelen og Mastrafjortunnelen i Rennfast-sambandet har vore stengt i fleire timar grunna flaum etter kraftig regnvèr.

Også Rennesøy, Dusavikveien, Hundvåg Ring og Torvmyrveien i Randaberg har hatt problemer med framkomelegheit og flaum.

Brannvesenet hadde 39 oppdrag mellom klokka 14.00 og 17.30, og har vore ute med mykje mannskap.

Ifølgje Meteorologisk institutt er det framleis fare for kraftige bøyer – først utover kvelden skal det roa seg.

Flaum i kjellarar

Brannvesenet Sør-Rogaland jobba for fullt med å berga fleire kjellarar som har tok inn vatn på Rennesøy.

– Brannvesenet er ute med tre bilar på Rennesøy, me har vore ute sida halv to. Me har ein del kjellarar som er fylt med vatn etter regnbyene som har vore, seier Gaute A. Larsen i Brannvesenet Sør-Rogaland.

tastamyrveien

Tastamyrveien i Stavanger er ein av stadane som er råka av flaumen.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Han oppmoda folk om ta forholdsreglar

– Folk bør prøva å sikra det dei har sjølv. Dersom det er mogleg å laga dreneringar frå høgt til lågt i terrenget så er det ein fordel. Røv å leie vatnet vekk frå hus og grunnmur. Det er også mogleg å få tak i sandsekkar til å leggja framfor dører og opningar i grunnmuren.

Brannvesenet Sør-Rogaland melde på Twitter om at oppdraga stod i kø, og dei hadde mykje vasskader å ta seg av.

Aldri opplevd liknande

– Då me reiste sørover frå Karmøy i ellevetida regna det så mykje at vindaugsviskarane ikkje klarte å ta unna alt, seier Øyvind Steira Mikkelsen som sit i kø med sonen Mikkel Våge Mikkelsen (6).

– Me har høyrd om vêrfenomenet rainbomb, og tenker at dette må vera noko liknande.

Set fast i kø

Øyvind Steira Mikkelsen og sonen Mikkel Våge Mikkelsen (6) må smørja seg med tolmod i kø.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dei reiste til Ikea for å kjøpa seng til Mikkel, men då dei skulle heim var vegen stengt.

– Hadde me visst dette skulle me heller gått på kafé, det er dårleg med servering her på E39 i Randaberg, seier Øyvind. Sonen Mikkel synst det er keisamt å sitja i kø, men er likevel litt imponert over dagens nedbørsmengder.

– Det er det heftigaste regnet eg har opplevd!