Problem med telefon i Stavanger

Stavanger kommune har trøbbel med legevakta sin koronatelefon. Det går an å ringe legevakta på 116 117, men ein må rekne med å vente. Dei som ikkje er sjuke, må bruke Folkehelseinstituttet på nett eller telefonnummer 815 55 015, oppmodar kommunen.