Problem med Kolumbus-appen

Kolumbus har hatt problem med billett-appen fleire gonger den siste veka. Kapasitetsutfordringane frå i morges skal no vere løyste. – Dette er beklageleg. Å fikse dette har høg prioritet, seier Grethe Skundberg i Kolumbus. Reisande som ikkje får løyst billett, vil få opp ei melding om å reise gratis.

Kolumbus billett
Foto: Mari Rollag Evensen / NRK