NRK Meny

PROBLEM I TOGTRAFIKKEN:

Eit tog hadde tekniske problem og sperra toglinjene på Nærbø like før klokka 10 sundag føremiddag. Dette førte til at to tog blei innstilt, og fleire andre forseinka. – Passasjerane på toget fekk tilbod om alternativ transport eller blei viste til andre tog, seier pressevakt i NSB, Gina Scholz. Nå skal trafikken vera i rute med unntak av regiontoget frå Stavanger til Oslo som er 50 minutt forseinka. (Bilete frå Sandnes: Regiontoget til Oslo blei brukt som lokaltog)

Kø utanfor tog i Sandnes
Foto: Mari Rollag Evensen / NRK