Hopp til innhold

Privatpersonar tilbyr husrom for flyktningar

Formannskapet i Stavanger sa torsdag kveld ja til å ta imot 250 syriske flyktningar, i tillegg til dei flyktningane kommunen alt har sagt ja til. Framstegspartiet stemte imot.

Per A. Thorbjørnsen

Venstre sin gruppeleiar Per A. Thorbjørnsen stod bak interpellasjonen som førte fram til vedtaket om å ta imot 250 syriske flyktningar.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– I løpet av dagen har eg fått fleire telefonar frå privatpersonar som seier at dei kan tilby leilegheiter til flyktningar frå Syria.

Det seier ein glad gruppeleiar for Venstre i Stavanger formannskap, Per A. Thorbjørnsen. Han kom med forslaget om at kommunen skulle ta imot 250 flyktningar frå Syria i løpet av 2015 og 2016.

Syriske flyktninger i Libanon

Syriske flyktningar i Libanon.

Foto: Bilal Hussein / Ap

– Det er FN som ber oss ta imot nokre personar som treng spesiell dekning, og det er flott at fleirtalet i formannskapet seier ja til det, seier Thorbjørnsen.

Krev at staten tar rekninga

– Føresetnaden er at staten tar på seg kostnadene dette fører med seg, slik som utgifter til norsk- og integreringskurs.

Det seier ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø. Samstundes er ho klar på at dette skal kommunen forplikta seg til.

– Tar staten seg av betalinga, så skal kommunen ta seg av flyktningane, seier ho.

Betre å hjelpe i nærleiken

Framstegspartiet seier nei til forslaget om å ta imot 250 nye flyktningar frå Syria. Partiet minner om at kommunen tidlegare i år er beden om å auka mottaket frå 120 til 188 flyktningar i år og til 156 til neste år.

Sissel Stenberg og Leif Arne Moi Nilsen i Stavanger Frp

Sissel Stenberg argumenterte mot fleire flyktningar til Stavanger. Det gjorde også Leif Arne Moi Nilsen i Stavanger Frp.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– I tillegg er det slik at staten har løyva milliardbeløp til å hjelpa flyktningar i Syria. Og dei pengane hjelper veldig mange fleire dersom dei blir brukt i nabolanda, i staden for å henta flyktningane til Stavanger, seier Sissel Stenberg.

Seier ja til fleire

Arbeidarpartiet opnar også for å auke talet ut over 250.

– Dersom det forslaget kjem opp er det ikkje umogeleg at Ap seier ja til det, seier gruppeleiar Cecilie Bjelland.