Hopp til innhold

Privat ferjedrift kan stanse ferjefri E39

Privat ferjedrift kan bety slutten på draumen om den ferjefrie kyststamvegen E39 på Vestlandet. Bompengeinntektene til dei undersjøiske tunnelane blir for små, fryktar sentrale samferdselspolitikarar i landsdelen.

Ombord i Høgsfjord som må gå til annen fergekai

Høgsfjordferja skal fortsetje i privat regi, også etter at den undersjøiske tunnelen Ryfast, står ferdig.

Foto: NRK More & Romsdal

Denne veka kom beskjeden frå fylkesrådmannen i Rogaland. Fylket sine politikarar kan ikkje stansa privat ferjedrift over Høgsfjorden, mellom Sandnes og Forsand.

Både fylket og Stortinget var samde om at det nåverande ferjesambandet skal leggjast ned når den undersjøiske tunnelen Ryfast vert opna i 2019. Men når private ferjeselskap meiner det er pengar å tena, så får dei likevel lov til å fortsetja ferjedrifta.

– Det vil gå ut over bompengeinntektene i Ryfast, og det betyr også at heile draumen om ein ferjefri E39 på Vestlandet er sett i spel, seier leiar i Samferdsleutvalet i Rogaland, Arne Bergsvåg frå Sp.

Ferjefri E39 - bompengar

Verken vil eller kan seie nei

Ifølge Fylkesrådmannen i Rogaland er det stor sjanse for at EØS-avtalen hindrar politikarane å leggje ned ferjetrafikken over Høgsfjorden for godt.

Den same konklusjonen har Samferdselsdepartementet kome fram til tidlegare, og minister Ketil Solvik-Olsen er samd med begge utgreiarane.

Ketil Solvik-Olsen på pressekonferanse om Hurtigruten

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen meiner at bompengeinntektene i både Ryfast og Rogfast blir store nok til å finansiera prosjekta, også dersom det går ferjer på strekningane.

Foto: Samferdselsdepartementet

– Nei me kjem ikkje til å nekta privat ferjedrift. Me bur i eit land som er basert på marknadsøkonomi og der folk kan få starta business dersom dei ønskjer det, seier Solvik Olsen.

Uvisse også i Hordaland

Jon Askeland er leiar i Samferdselsutvalet i Hordaland, og representerer Senterpartiet. For hans del er det Hordfast som er den aktuelle E39-strekninga på den planlagde ferjefrie stamvegen.

Jon Askeland

Jon Askeland er uroa for finansieringa av Hordfast-prosjektet på E39 mellom Stord og Os i Hordaland.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Det er planar om at ei flytebru på E39 frå Stord til Os skal erstatte dagens ferjestrekning. Men fleire kraftige prisaukar på prosjektet, gjer at Askeland forstår Bergsvåg si uro.

Han meiner at Vestlandet må stå saman om å gjennomføre den ferjefrie stamvegen, E39, men det er hendingar rundt fleire bompengeprosjekt som ikkje ser så bra ut.

– Me ser etter kvart ganske mange bompengesamband der inntektene byrjar å svikta, seier Askeland. Og Hordfast har ein veldig høg bompengesats, så det prosjektet kan bli lønsamt for eit kommersielt ferjesamband, seier han.

Milliardtap

Arne Bergsvåg etterlyser nå sikrare tal for kor store bompengetap den private ferjedrifta kan påføre tunnelprosjekta.

Arne Bergsvåg

Arne Bergsvåg fryktar at draumen om ein ferjefri E39 på Vestlandet, kan enda opp som berre ein draum.

Foto: Anders Fehn / NRK

Sjølv har han sett beløp på mellom 100 og 200 millionar kroner i året, i utrekningar frå Ryfast-prosjektet.

– Sett at det er 200 millionar kroner i året. Då vil det utgjere 4 milliardar kroner pluss renter over ein 20 års nedbetalingsperiode, og det er ei rekning som blir velta over på dei som skal bruka dette sambandet, seier Bergsvåg.

Nå set Bergsvåg si lit til at eit Stortingsfleirtal kan vedta å utfordre EØS-regelverket, som i dag tillèt at private ferjer kan gå der det blir bygd bompengefinansierte undersjøiske tunnelar på Vestlandet.