Hopp til innhold

Prissjokk for utelivsbransjen i Stavanger

Utelivsbransjen i Stavanger fekk prissjokk då rekninga kom frå kommunen for leige av uteserveringsområdet i Vågen. Leiga har auka med 23 prosent frå i fjor, det betyr fleire titals tusen kroner for kvar utestad.

Utelivsbransjen i Stavanger fikk prissjokk da regningen kom fra kommunen for leie av uteområdet til utepilsen. Leien har økt med 23 prosent fra i fjor. Det betyr flere titalls tusen kroner for hvert utested.

SJÅ REPORTASJEN: Ståle Mørch (t.v.) måtte le litt av at dei no også må betala portoen på svaret dei skal senda tilbake til kommunen. Før fekk dei ferdigfrankerte konvoluttar.

– Når me får påslag om 23 prosent auke. Me blir irriterte og rett og slett forbanna, som me seier i Nord-Norge, seier Ståle Mørch, dagleg leiar Dickens/Sjøhuset Skagen.

Han merkar veldig godt prisauken på titusenvis av kroner på uteområdet han disponerer.

– Ikkje diskutert dette

Det er administrasjonen i Stavanger kommune som har sendt ut prissjokkbrevet.

– Dette har ikkje blitt diskutert i den store handlings- og økonomiplanen som er vedteke, seier John Peter Hernes, kommunalråd (H) i Stavanger.

– Her ser me at det kjem eit påslag på 23 prosent, det er veldig mykje. At det er naturleg å ta ein ekstra runde for å sjå om det er riktig, det syns eg me skal gjera.

Litt galgenhumor

Mørch kan ikkje anna enn å le litt av situasjonen, og han kjem med eit aldri så lite forslag til kommunen.

– Kanskje me kunne fått til ei ordning med kommunen der me berre betalar på dei dagane det er sol og fint vêr, så hadde me vore nøgde. Men me må jo også betala for alle dei dårlege dagane også, smiler Mørch.

– Då må det nok vera veldig godt betalt for solskinsdagane for å få det til å gå rundt, svarar Hernes i kommunen lurt.