– Eg forstår ikkje korleis Ropstad og co. klarer å sova godt om natta

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at samarbeidet med Framstegspartiet har kosta Venstre og Kristeleg folkeparti 31 folkevalde lokalpolitikarar.

Utvidet Solberg-regjering

Å regjera saman med Frp er meir enn det fleire av kommunestyrerepresentantane til Venstre og KrF har kunna svelgja. Venstre gjekk inn i samarbeidet i 2017, medan KrF kom inn i år.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Moralsk blei det for vanskeleg for meg å vera medlem i KrF, seier Mette Aas-Kilstad som er folkevald i Lunner kommune i Oppland.

I 2015 blei ho blei stemt inn som einaste Krf-representanten i kommunestyret, der ho skulle sitja i fire nye år for partiet.

Men etter vegvalet, som enda med at Kjell Ingolf Ropstad tok partiet inn i regjeringssamarbeid med Frp, melde ho seg ut av KrF. Nå stiller ho til val for Senterpartiet.

– På enkelte område er verdiane til Frp og KrF så grunnleggande ulike at eg ikkje forstår korleis Ropstad og co. klarer å sova om natta, seier ho til NRK.

Blei avhoppar for å bevara integriteten

Tilfellet Aas-Kilstad er ikkje unikt. Ein større gjennomgang NRK har gjort viser at Frp-samarbeidet er direkte årsak til at tolv folkevalde Krf-arar har meldt seg ut av partiet.

For regjeringspartiet Venstre er det endå fleire. 19 kommunestyre­representantar har Frp-samarbeidet kosta dei.

Totalt har Venstre mista 62 representantar dei fire siste åra. Det er 11,4 prosent av alle representantane dei har totalt, altså fleire enn kvar tiande.

Laster kart, vennligst vent...

Dei blå markørane er folkevalde Venstre-politikarar som hoppa av partiet då det blei klart at dei ville samarbeida med Framstegspartiet. Dei raude er Kristeleg folkeparti sine folkevalde representantar. Fullstendig liste med namn og kommune finn du nedst i artikkelen.

For Jasmin Agovic-Nordaas i Senja kommune, var valet om å bli avhoppar det einaste rette etter Venstre sitt landsstyremøte i desember 2017. Der blei det klart at partiet hans skulle forhandla med Frp.

– Før valet i 2015 fekk vi beskjed frå sentralt hald at eit Frp-samarbeid var uaktuelt. Då partiet sentralt braut dette løftet måtte eg melda meg ut for å ha integriteten min intakt, seier Agovic-Nordaas.

Han blei først uavhengig, deretter gjekk han over til Senjalista. Venstre var ikkje lenger representert i kommunestyret.

– Mange vanlege medlemmar melde seg ut saman med meg, og Venstre slit nå med å stilla liste i kommunen, seier han.

Generalsekretær i Venstre, Marit Meyer, synest det er leit at så mange har forlate partiet, men meiner partiet gjorde det riktige då dei gjekk inn i regjeringa.

– Det er sjølvsagt leit, og noko vi gjerne skulle unngått. Vi er opptatt av tett dialog på tvers av organisasjonen og korte linjer.

Ropstad: – Det er verdt det

Krf-leiar Ropstad liker ikkje at han har mista fleire politikarar som følgje av vegvalet, men han meiner at det likevel har vore verdt det. Han håper at politikken dei fører vidare vil vinna tilbake avhopparane.

Det viktige nå er at KrF har plassert seg, og får ei tydelegare retning og ei tydelegare profilering. Vi har eit regjeringssamarbeid som fungerer godt, og vi er eit veldig tydeleg alternativ fram mot valet i 2021, seier han.

KrF har totalt 28 avhopparar, noko som utgjer 4,5 prosent av partiet sine representantar. Minst tolv av desse har bytta parti som følgje av regjerings­samarbeidet. Fire har gått over til Senterpartiet.

Ropstad meiner at terskelen for å hoppa av skal vera høg, men respekterer likevel dei som har tatt desse vala.

– Vi var ei samla partileiing som meinte vi måtte ta eit val, sjølv om det var noko anna enn det vi sa før valet i 2017. Det var derfor vi også køyrde eit ekstraordinært landsmøte. Eg trur det var rett av partiet å gjera eit vegval, sjølv om det betyr at vi nå er i ein krevjande situasjon.

Då denne saka først blei publisert stod Venstre oppført med Per Tore Bech Nygård (Alta kommune) som ein av dei som hoppa av på grunn av Frp-samarbeidet. Dette baserte seg på tidlegare presseomtale om Bech Nygård si utmelding. Kommunestyrerepresentanten seier dette er feil. Han melde seg ut av Venstre på grunn av misnøye med partiet over lengre tid, og ikkje på grunn av samarbeidet med Frp. Han er nå ute av lista.