Presten som klipper av seg alt håret for å nå folket

ETNE (NRK): Etter at soknepresten i Etne blei Presten Per på Instagram har han fått ti gonger fleire følgjarar der enn i kyrkja. Fleire prestar må bruke sosiale medium, meiner Trond Blindheim.

Presten Per collage

HUMOR: Per Hjemdal brukar humor for å få fram bodskapen sin når han legg ut videoar og bilete som Presten Per på Instagram.

Foto: Skjermdump / Instagram

– Dette må vere reint smeltevatn, seier Per Hjemdal i det han skal gå ut i Etneelva.

Han har tatt på seg ein kassert prestekjole, tørr bukse ligg i bilen, og kameraet står på stativ på land.

Presten går uti det seks grader kalde vatnet for å lage ein video om døyparen Johannes, til Instagram-kontoen sin.

Men han har gløymt å trykke på opptaksknappen og må ut i vatnet igjen.

Videoane må bli gode.

Til dagleg er han sokneprest i Etne kyrkje. Men døgnet rundt er han Presten Per på Instagram, etter eit kurs i sosiale medium i fjor.

Han vil at følgjarane skal undre seg, bli nysgjerrige, og ikkje minst vil han få dei til å le.

– Viss eg får nokon til å le ein dag, då har den dagen blitt litt betre. Ein dag utan glede er litt stussleg, meiner presten.

Skal klippe av seg alt håret

For å lage gode videoar treng han rekvisittar. Difor kjøpte han utstillingsdokkene frå ein konkursramma butikk. Så flytta dei inn i vedskjulet hans.

– Eg tar dei ut og hogg hovudet av dei, og kler dei opp som kongar og tiggarar. Og til jul tener dei som Josef og Maria, seier han.

Og snart skal han klippe av seg alt håret til ein ny instagram-video.

Alt for å nå fleire menneske.

– Vi ser at brukarane er nokså vaksne, og konfirmant- og dåpstala går ned. Det betyr at vi er nøydde til å stikke fingeren i jorda og finne nye måtar å formidle bodskapen på, seier Per Hjemdal.

Per Hjemdal på elvebredden

FRISKT: Etneelva haldt seks grader. Men han er nøgd med videoen om Johannes døyparen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Avgjerande for prestane

Sosiolog Trond Blindheim meiner det er avgjerande at prestar er aktive i sosiale medium.

– Det er veldig viktig dersom ein skal nå ut til folk, fordi folk flest er på sosiale medium. Det er fleire millionar nordmenn berre på Facebook, medan i kyrkjerommet er det mange færre, seier han.

Trond Blindheim

MÅ BLI FLINKARE: Sosiolog Trond Blindheim meiner prestar må bli meir aktive på sosiale medium og synlegare i samfunnsdebatten.

Foto: Høyskolen Kristiania

Blindheim meiner også at prestar må bli ennå meir synlege i samfunnsdebatten.

– Skal ein nå ut til fleire er det viktig å utvide det kyrkjerommet. Ikkje nødvendigvis halde preika på sosiale medium, men å vere ein aktiv del i samfunnsdebatten. Vi ser at dei som er aktive får veldig mange følgarar, og det er stort engasjement på sidene deira.

Når dei unge

På blomebutikken i Etne jobbar Jorunn Halsnes. Ho har sett Presten Per når han filmar Insta-snuttane sine.

– Eg trur ikkje alle prestar bør gjere sånn for dei passar ikkje til det, men Per passar til det. Det er ein ny måte å nå dei yngre som ikkje vil sitje med nasen nedi ein bibel, seier Halsnes.

Kyrkja sette av 5 millionar

I 2018 vedtok Den norske kyrkje at dei skulle vere meir tilgjengelege digitalt. Dei sette av 5 millionar kroner til satsinga, og oppfordra prestane til å bli meir synlege på sosiale medium.

Koronapandemien påskunda denne prosessen.

– Facebook og Instagram vil vere hovudkanalar, men vi er også i gong på tiktok, og vi samlar alt innhald i ein eigen kyrkjekanal på YouTube, seier kommunikasjonsdirektør i Den norske kirke, Ingeborg Dybvig.

Informasjonsdirektør Ingeborg Dybvig

SATSAR: Kommunikasjonsdirektør i Den norske kirke, Ingeborg Dybvig, seier at kyrkja satsar digitalt og synest det er flott at prestar nyttar Instagram.

Foto: Kirkerådet

Dei har ikkje tal på kor mange Insta- eller facebook-prestar dei har, men meiner talet har auka dei siste åra. Det synest Dybvig er bra.

– I dag er det sånn at den moglege kyrkjelyden finst mange stader – og ikkje nødvendigvis i kyrkjebenkane. Det må vi ta omsyn til. Det er flott at prestar, diakonar og andre kyrkjelege tilsette brukar dei moglegheitene som finst.

Rår andre prestar til å prøve

På Instagram har Hjemdal 771 følgarar. I kyrkja kjem det 70. Han meiner andre prestar bør gjere det same.

– Så mange prestar som legg så mykje tid ned i si forkynning, og er gode til å preike, så tenker eg at fleire burde vore på sosiale medium slik at folk kunne sett dei, seier Hjemdal.

Sjølv vil han halde på lenge ennå.

– Det er et så stort tilfang av stoff at eg skal kunne halde på litt til. Men den dagen eg forsvinn i elva fordi straumen er for stri, så er det slutt.

Per Hjemdal - smiler

KYRKJA: Per Hjemdal er sokneprest i Etne kyrkje. Men han når ti gonger fleire på Instagram enn i kyrkjerommet.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK