Hopp til innhold

– Dette kunne aldri skjedd i dag

Mange strekk seg langt for å få gode bilete. Ein av desse er pressefotograf Knut Vindfallet, som klipte plenen på hytta til den tyske forbundskanslaren Willy Brandt før han tok bilete.

Willy Brandt og kona Rut

Desse bileta tok Knut Vindfallet i 1969 av den tyske forbundskanslaren Willy Brandt og Kona Rut, då dei var på ferie i Norge. Før bileta blei tekne slo han plenen.

Foto: Knut Vindfallet

Han er ikkje kjend for å vera ein A4-person, pressefotograf Knut Vindfallet, som har ein 42 år lang karriere å sjå tilbake på. Nå har han samla fleire av bileta sine i bokform, og Steinar Lyse har skrive historiene bak bileta.

Ein av dei mest spesielle historiene er frå 1969, då 19 år gamle Vindfallet jobba for Ap (Associated Press).

Kom på umeldt besøk

Vindfallet blei bedd om å reisa til Vangsvågen, der den tyske forbundskanslaren Willy Brandt og kona hadde hytte.

– Hadde dette vore i dag, med Angela Merkel, kan ein vera viss på at ein måtte sendt inn søknad tre månader i forkant, og at det hadde vore vakter frå Vangsåsen til langt ut i Oslo-fjorden, fortel Steinar Lyse.

Men som kjent var alt betre før, og Vindfallet kom seg opp til hytta på ein lånt lett-motorsykkel, som han ikkje hadde førarkort på. Han gjekk bort til ekteparet som sat utanfor hytta, og spurde fint om han kunne ta bilete av dei.

Slo plenen

Dei svarte det var greitt. Den unge fotografen var likevel ikkje heilt nøgd med plenen utanfor hytta, som ikkje var spesielt velstelt. Han sa dette til forbundskanslaren, som svarte at Vindfallet kunne klippa plenen sjølv.

Slik blei det, og derfor er graset bak Willy og Rut Brandt flott og nyslått, på bilete av dei to på hyttetur i Norge ein flott sommardag i 1969.

– Dette kunne aldri skjedd i dag, slår Lyse fast.

Sjå TV-innslag om boka og Knut Vindfallet:

Steinar Lyse (t.v.) fortel historiane rundt bileta til Knut Vindfallet (t.h.) i den nye boka «Vindfallet».

Steinar Lyse (t.v.) fortel historiene rundt bileta til Knut Vindfallet (t.h.) i den nye boka «Vindfallet».