NRK Meny
Normal

PPT møtte ikkje elevar dei ga råd om

PPT i fylket har brote opplæringslova fordi elevar som har rett på spesialundervisning ikkje har fått gode nok vurderingar. Magnus Thorsnes Øygard blei vurdert av PPT, men ifølgje faren snakka dei aldri med han.

PPT har brote lova

SE VIDEO: Magnus Thorsnes Øygard fekk vurdering av PPT, men ifølgje faren var vurderinga mangelfull.

Magnus Thorsnes Øygard har fått spesialundervisning gjennom heile skulegongen. Ifølgje lova er det PPT som skal gi dei sakkunnige vurderingane av elevar som Magnus, for å sikre at dei får den opplæringa dei har behov for.

Kjell Øygard

Kjell Øygard er far til Magnus.

Foto: Erik Waage / NRK

Men faren meiner at dei sakkunnige vurderingane som Magnus fekk på vidaregåande ikkje var gode nok, fordi PPT verken snakka med han eller sonen hans før dei vart skrivne.

– Det strir mot lovverket. Dei er så generelle at dei ikkje kan brukast til noko, seier far til Magnus, Kjell Øygard.

Har ikkje snakka med elevane

Hans oppleving samsvarer med funn som Fylkesmannen i Rogaland gjorde i eit tilsyn av spesialundervisninga i fylket i førre skuleår.

I tilsynet kom det fram at PPT har brote lova fordi vurderingane dei har gjort ikkje har vore grundige nok.

– Dei sakkunnige vurderingane er mangelfulle, eller manglar heilt, seier opplæringsdirektør Sølvi Ona Gjul hos Fylkesmannen i Rogaland.

Då Fylkesmannen gjorde intervju med elevar og føresette kom det fram at PPT i fleire tilfelle ikkje hadde vore i kontakt med dei.

Vurderingane har blitt gjort på grunnlag av tidlegare rapportar, og samtalar med skulen. Det er ikkje nok, ifølgje opplæringslova.

– Dette handlar om dei elevane som treng samfunnet mest, difor er dei lovbrota som me har funne svært alvorlege, seier Ona Gjul.

– Må rette opp feila

Til saman fekk fylkeskommunen sju pålegg frå Fylkesmannen i dette tilsynet. To av pålegga klaga fylkeskommunen inn til Utdanningsdirektoratet (sjå faktaboks).

Fylkeskommunen klaga mellom anna på pålegget om at dei sakkunnige vurderingane må bli grundigare og at PPT må involvere elevar og deira føresette i prosessen.

Men Utdanningsdirektoratet gav ikkje fylkeskommunen medhald. Dei meiner i likeheit med Fylkesmannen at slik praksisen er i dag, så strir det mot lova.

– Me legg til grunn at fylkeskommunen no gjer det som andre ville gjort om det hadde blitt påvist lovbrot. Dei må rette lovbrota og dokumentere det innan den fristen som er fastsett. Om det ikkje blir retta opp, så vil det bli aktuelt med nye tilsyn, seier Ona Gjul.

Eit problem over lengre tid

Men det er ikkje første gong at Fylkesmannen har påpeika avvik i praksisen til PPT.

– Me har ført tilsyn med Rogaland fylkeskommune på dette området fleire gonger dei siste åra. Og ved kvart tilsyn har me funne lovbrot.

Kvifor blir det ikkje betre?

– Vanskeleg spørsmål. Me har fått melding om at lovbrot har blitt retta, men så har det vist seg seinare at det ikkje er tilfelle. Difor har me utført nye tilsyn, seier Ona Gjul.

– Bryt ikkje lova lenger

– Eg har ingen problem med å akseptera dei pålegga som me har fått. Det skal eg legge meg flat på, Fylkesmannen har mange gode poeng, seier leiar i PPT i fylket, Gunnar Gaard.

Magnus si sak kjenner han ikkje konkret til, og han kan difor ikkje seia om det stemmer at PPT ikkje har møtt han eller foreldra.

– Viss det er korrekt så skal det ikkje vera sånn. Men me er jo ute på skulane og snakkar med elevane utan at det kjem melding heim til foreldra om det, seier Gaard.

Men han innrømmer at dei sakkunnige vurderingane generelt ikkje har vore gode nok, og at dei ved fleire tilfelle ikkje har hatt kontakt med foreldre og elevar.

Gunnar Gaard, Psykologspesialist

Gunnar Gaard er leiar i PPT i Rogaland fylkeskommune.

Foto: Erik Waage / NRK

Samtidig meiner han at dei per i dag ikkje bryt lova. I haust endra dei praksis. No vurderar dei nye elevar på hausten, i staden for på våren når elevane framleis går i 10. klasse, slik dei gjorde tidlegare. Det betyr at dei no møter både foreldre og elevane før dei skriv vurderingane.

– Eg trur at me no er på veg mot eit mål der dette faktisk ikkje skal gjenta seg. Fordi dette er flaut. Det skal ikkje vera slik, seier Gaard.

– Ei påkjenning for foreldra

Magnus vart ferdig på vidaregåande i vår. No jobbar han på ei verna bedrift.

Han fekk i alt fire år med vidaregåande opplæring, men i utgangspunktet skulle han berre hatt tre. PPT si vurdering var nemleg at Magnus ikkje ville ha nytte av eit ekstra år med opplæring, slik han har rett på ifølgje lova.

Men foreldra klaga på vedtaket, og det vart endra.

– At foreldra må vera nesten juristar for å kunne sikre at ungane får den opplæringa dei har rett på, er ikkje greitt. Dette er foreldre som har eit stort belastningsansvar frå før, og dette blir berre ei enorm tilleggsbelastning, seier Øygard.

Magnus Øygard

Magnus Thorsnes Øygard er no ferdig med vidaregåande og jobbar ved ei verna bedrift.

Foto: Erik Waage / NRK