Hopp til innhold

Posten mottar 200.000 pakkar i døgnet etter Black Friday

Anne Gisladottir og dei andre tilsette i posten må denne veka jobba doble skift for å få ut alle pakkane som folk har bestilt på internett under Black Friday.

Anna Gissladottir

– Me startar på jobb klokka fire om morgonen og jobbar til langt ut på dagen, seier Anna Gissladottir.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Korleis vil du beskriva dei siste dagane?

– Uff, svarer Anne Gisladottir.

På terminalen på Forus får dei no dobbelt så mange pakkar denne veka, i forhold til andre veker i året.

Det same gjeld resten av landet.

– Me startar på jobb klokka fire om morgonen og jobbar til langt ut på dagen. Men det er gøy, seier posttilsett Anna Gissladottir.

«Black Week», kallar ho perioden dei Posten-tilsette no er i gang med.

– Travlare enn julerushet

– Det tar heilt av, heilt av. Før var det mest arbeid rett rundt jul, men no er det veka etter Black Friday som er mest travel, seier Siri Tansø, distriktssjef for Posten Norge.

Siri Tansø

– Det tar heilt av, seier Siri Tansø, distriktssjefen for Post Noreg.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sist fredag gjekk folk heilt bananas på butikkane, men det var ikkje berre tilbod i butikkar som freista. Netthandelen lukter det også svidd av.

Totalt handla me, med betalingskort, for 3,7 milliardar kroner under den store handledagen. Det er god grunn til å tru at store summar av pengane er brukt på netthandel.

Det har ført til pakkestorm for posten.

324 semitrailerar, fylt opp med pakkar, har vore innom Posten og Bring sitt logistikksenter i Oslo dei siste dagane.

30 prosent vekst

– No er alle mann på dekk, og pakkebanda går for fullt, seier John Eckhoff, pressesjef i Posten Norge.

På terminalen i Oslo blir det no sortert mellom 12.000 til 16.000 pakkar i timen.

Fullt på postterminalen i Oslo
Foto: Posten Norge

– Me var førebudd på at det blei mykje jobb. Men likevel blei me overraska. Aldri før har me fått så mange pakkar inn til hovudterminalen i Oslo.

Totalt er veksten på 30 prosent samanlikna med i fjor.

Etter at pakkane er sortert, vert dei sendt ut til postterminalar over heile landet.

– Hent pakken din!

John Eckhoff melder no at fleire butikkar som leverer ut post slit. Dette på grunn av alle pakkane som blir leverte til dei.

– Butikkane har kvardagsbemanning, og har ikkje nok folk til å handtera all posten dei tek imot no.

Han fortel at dei alt har fått tilbakemeldingar om fulle hyller, og sprengt kapasitet.

– Vår oppfordring er at ein må henta pakken ein tek imot så raskt som mogleg. Elles kan ein risikera at det blir heilt fullt i butikken, og ein får ikkje levert ut pakkane i tide. Pakken blir då sendt i retur.