Hopp til innhold

Slik hadde Thorstvedt det i England

Sjå TV-innslaget frå 1990 – då Erik Thorstvedt var fersk som proff i engelsk toppfotball. NRK Rogaland blei med på treningsfeltet og i heimen.

Sjå TV-innslaget frå 1990 – då Erik Thorstvedt var fersk som proff i engelsk toppfotball. NRK Rogaland blei med på treningsfeltet og i heimen.

►ROGALAND RETRO: Innslaget blei sendt 28. februar 1991. Reporter var John Skien og fotograf var Arne Brommeland.

I 1990 fekk NRK Rogaland vera med Erik Thorstvedt til London. Her får du eit unikt innblikk i korleis det var for stavangermannen å vera målvakt i Tottenham, både på og utanfor banen.

Året etter NRK Rogaland laga dette programmet blei Erik Thorstvedt cupmeister med Tottenham.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK