Normal

Populære turmål får 10,5 millionar

14 turmål, frå Senja i nord til Hemsedal i sør, får millionstønad frå tilskotsordninga Nasjonale turstiar i år. Mesteparten av pengane går til å forbetra turstiane.

Preikestolen

Preikestolen i Rogaland får mellom anna pengar til turstien i år gjennom ordninga Nasjonale Turstiar.

Foto: Paul Kleiven / NPK

I fjor fekk fotturistane sine «brune skilt». Nå har Miljødirektoratet fordelt potten på 10,5 millionar kroner for 2018 (sjå liste lenger ned).

For å gi ein meir berekraftig turisme, blei Nasjonale turstiar etablert av regjeringa i fjor. Då sette politikarane av 7,5 millionar kroner til prosjektet.

Ordninga liknar på dei meir kjente nasjonale turistvegane. Ei rekkje vegstrekningar har fått offisiell status som vegar kor det skal investerast ekstra for å få ein infrastruktur som passar turistnæringa og reisande langs desse vegane.

I fjor fekk berre fire av 32 søknadar gjennomslag. I år får langt fleire prosjekt pengar.

Stipatruljar og toalett

Felles for turstiane som får støtte er at dei har mykje besøk, og større potensial som turistattraksjonar, ifølge Klima- og miljødepartementet.

Mesteparten av pengane går til å forbetra stiane. Andre tiltak er stipatruljar og toalett.

Turister på Trolltunga

Trolltunga i Hordaland er blant turmåla som får støtte i ordninga Nasjonale turstiar 2018.

Foto: Asle Hella / NRK

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) er oppteken av at dei populære naturområda i landet vårt ikkje tar skade av det store besøket.

– Derfor vil regjeringa gjennom ordninga Nasjonale turstiar sørga for at dei mest brukte stiane blir litt betre tilrettelagt, slik at dei ikkje mistar sine verdiar på grunn av slitasje, trengsel og forsøpling.

– Samtidig vil me auka tryggleiken til dei besøkande, blant anna gjennom ulike beredskapstiltak og betre informasjon, seier statsråden.

Autorisasjonsordning

Tilskotsordninga gir ikkje støtte til driftsoppgåver, og den krev av søkarane bidrar med minimum 50 prosent eigeninnsats i tiltaka, anten i form av pengar eller arbeidsinnsats.

I alt 35 prosjekt søkte Miljødirektoratet om tilskot gjennom ordninga i år. Tiltaka skal vera konkrete og gjennomførbare i inneverande år.

Ola Elvestuen (V)

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Foto: Andreas Ingebrigtsen / KLD

I løpet av 2018 blir det også utarbeida ei autorisasjonsordning, der utvalde stiar kan bli autorisert som Nasjonal tursti. Desse stiane vil bli prioritert ved tildeling av midlar frå tilskotsordninga frå og med 2019.

Det vil vera eit avgrensa tal på stiar som blir definert som nasjonale turiststiar. Kor mange stiar som skal bli autorisert, blir vurdert nærmare i den vidare prosessen med utvikling av autorisasjonsordninga, ifølge Klima- og miljødepartementet.

Miljødirektoratet er sett til å leia dette arbeidet.