– Ein kamerat av ein kamerat var med å passa teltet i natt. Han spurte om han kunne få spela mandolin på konserten, så han er med på den første songen. Her er det opent for alle som vil, seier Carl Tomas Nising Sandvold.
Kunst og kultur
Bak festivalen, som vart arrangert første gang i 2010, står musikar Sturle Dagsland med vener i spissen. På festivalen kan publikum oppleva musikk, kunst, litteratur, film, yoga og ein byttebod. Gratis.
– Det er kjekt å forma omgjevnadane sine. Det er kjekt å spela og laga noko som er vårt eige, seier Nising Sandvold, som sjølv spelar i lag med Dagsland-brørne.
– Det hadde vore veldig vanskeleg å gjera dette for å tena pengar. Det er basert på dugnad og fordi det er moro.
«Det som er gøy, det er med»
Sturle og Sjur Dagsland har saman med Nising Sandvold spelt konsertar på Island, Grønland og andre land, men er no tilbake på sin eigen festival. Sturle Dagsland hadde sin første konsert på nettopp denne festivalen i 2010.
– Me byr på ein musikalsk blanding av alt mogleg, nett slik som festivalen. Det me tykkjer er gøy, det er med, seier Nising Sandvold.
– Ho som har yoga her i dag, sende oss ein epost i går og spurte om det hadde vore kjekt å ha yoga i parken. Sjølvsagt, sa me! fortel Nising Sandvold.