Hopp til innhold

Politisk strid om Kaizers

Årets spellemann, Kaizers Orchestra, splittar det politiske miljøet på Jæren. I kveld blir det avgjort om rockebandet skal få ein eigen «Kaizersplass» eller ikkje.

Kaizers Orchestra

Jærbandet Kaizers Orchestra blei kåra til Årets spellemann 2012. Nå får dei kanskje ein plass oppkalt etter seg på Bryne.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Bryne Mølle

Her, ved Mølla på Bryne, går debatten om det skal heita Kaizersplass eller Mølleplassen.

Foto: Time kommune

Populært rockeband eller historisk kornmølle? Det er det store spørsmålet før kveldens kommunestyremøte i Time.

Her skal det nemleg bli avgjort om plassen ved den gamle mølla på Bryne skal heita «Kaizersplass» eller «Mølleplassen».

Og meiningane er mange og sterke, kom det fram då NRK sjekka pulsen hos politikarane før det avgjerande møte.

– Dei er framleis jyplingar

Ap-politikar og leiar i Kulturminnenemda i Time, Maria Hauge, er sterkt imot idèen om ein Kaizersplass.

– Folk skal ikkje få statuar eller plassar kalla opp etter seg medan dei framleis er jyplingar, meiner eg. Dei treng ikkje vera døde, men vent litt, seier den bestemte kvinna.

Ho understrekar at ho ikkje har noko imot Kaizers, men at ho meiner dei får finna seg ein annan plass.

– Her har det vore mølle ved fossen i over 200 år, derfor er det møllene som bør ha plassen, seier ho.

Men SV-politikaren i kommunestyret, Michael Evans, kunne ikkje vore meir usamd.

– Mølla står der, då treng ein ikkje kalla den lille plassen framføre for Mølleplassen. Det er ei stor ære for den nye byen på Jæren at me har ei gruppe så har gjort det så bra internasjonalt med ein så bra stad, sjølvsagt skal me kalla plassen Kaizersplass, seier Evans.

Han meiner det passer spesielt bra, sidan det skal koma eit ungdomshus like ved.

Men dette argumentet kjøper ikkje Hauge.

– Ungdommen skal også hugsa at det er noko som heiter kultur, og det er noko som heiter historie. Så kan dei ha rocken sin inne i bygget sitt, seier ho.

Ope før møte

Sjølv om det kanskje er vel tidleg å kalla ein plass opp etter Kaizers Orchestra ser Evans ingen grunn til å venta.

Det gjer på andre sida Ingvil Nordland, som er rådgjevar i Språkrådet si stadnamnteneste. Ho meiner det bør gå fem til ti år etter ein person er død, før han får noko kalla opp etter seg.

– Ein bør generelt unngå å bruka namn på levande personar i adressenamn. Grunnen til dette er at omdømet til ein person kan endra seg over tid, seier ho.

Likevel er det kommunen som avgjer. Og før kveldens kommunestyremøte er alt ope, det er også splittingar innad i parti.

Også på gata er meiningane delte:

– Det blir vel «Mølleplassen» i og med at det er mølla som er her, seier ein ung mann.

– Den bør heita «Kaizersplass» sidan Bryne har eitt band som har nådd så langt. Nå sluttar dei av, så dette vil vera eit fint minne, seier ei kvinne.