Hopp til innhold

Politisk strid om hovudvegar over fjellet

Samferdslepolitikarane i vest er ueinige i om det bør satsast på ein eller fleire hovudtrasear mellom Vestlandet og Austlandet. I dag kjem Vegvesenet med si tilråding, der dei truleg går for to hovudvegar mellom Bergen og Oslo.

Bergen-Oslo kart

Aksjon Bedre Vei meiner E134 over Haukelifjell er den klart beste hovudvegen mellom Vestlandet og Austlandet. Med ny E134 kan reisetida frå Oslo til Bergen eller Haugesund kortast ned mot 3,5 timar.

Foto: Stiftelsen Aksjon Bedre Vei

– Det er veldig viktig at det blir fokus på ein veg, og at me bruker ressursane på å laga ein sikker og god veg over fjellet. Hovudvegen mellom aust og vest bør vera E134 Haukelifjell, meiner Kari Raustein, vararepresentant i transportkomiteen på Stortinget for Frp.

Kollega i transportkomiteen, Magne Rommetveit (Ap), er ikkje ueinig i at det bør satsast på Haukelivegen, men ønsker i tillegg ein hovudveg nummer to.

– Eg meiner det er fornuftig å ha to hovudvegar mellom Bergen og Oslo. I sør bør det vera E134 over Haukeli, lenger nord er eg meir usikker, seier Rommetveit.

Går truleg for to hovudvegar

Kari Raustein

Kari Raustein (Frp) meiner det er nok med ein hovudveg mellom aust og vest i Sør-Norge.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Onsdag ettermiddag leverer Statens vegvesen si utgreiing til samferdsleministeren om fjellovergangane i Sør-Norge. Her kjem dei med sine tilrådingar til kva hovudvegar regjeringa bør satsa på.

Overfor NRK held vegvesenet korta tett til brystet, men ifølge kjelder VG har snakke med kjem dei til å gå for to trasear. Vinnarane er truleg E134 over Haukelifjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjella.

– Eg tar det for gitt at vegen over Haukeli er ein av vegane det skal satsast ekstra på. Om det i tillegg skal satsast på riskveg 7 over Hardangervidda eller ein av vegane endå lengre nord er eg usikker på, seier Rommetveit.

Ikkje overraska

Magne Rommetveit

Magne Rommetveit (Ap) meiner det er fornuftig med to hovudvegar mellom Bergen og Oslo.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Heller ikkje stortingspolitikar og medlem i transportkomiteen, Torill Eidsheim (H) vil gi ein skikkeleg konklusjon før ho har lest rapporten til vegvesenet. Men ho er ikkje overraska over at dei truleg går for to hovudtrasear mellom Bergen og Oslo.

– Dei spekulasjonane finn eg ikkje særleg overraskande, men kva to trasear som bør veljast vil eg ikkje gå inn på før eg har lese rapporten.

Alle dei fire hovudalternativa mellom aust og vest har sine interessegrupper og forkjemparar. Taparane i ettermiddag blir truleg E16 over Filefjell og rv. 7 over Hardangervidda.

Brei høyringsrunde

Uansett utfall, samferdslepolitikarane på Stortinget påpeikar behovet for å samla kreftene på færre fjellovergangar – vegar som er mykje vinterstengt og har varierande standard.

– Noko av det viktigaste nå er å samla trafikken mellom aust og vest. Det inneber ei satsing på ein hovudveg som er rask, effektiv, påliteleg og sikker, seier Eirin Sund (Ap).

Utgreiinga Vegvesenet legg fram onsdag ettermiddag er ein del av planarbeidet til neste nasjonale transportplan, og skal nå ut på ei brei høyring. Det vil truleg gå nokre år før bilistane ser resultatet av den nye vegsatsinga.