Hopp til innhold

– Bystyre-innlegg må ikkje vera så gravalvorlege

Eirik Faret Sakariassen frå SV, lovar innlegg på rim i bystyret i Stavanger på mandag.

Eirik Sakariassen

Eirik Faret Sakariassen, saman med partileder Kristin Halvorsen i valgkampen høsten 2011

– Dette blir eit innlegg eg kjem til å bli hugsa for, i alle fall for rimet.

Det spår 20 år gamle Eirik Faret Sakariassen,frå partiet SV, framfor årets siste bystyremøte i Stavanger.

Kvalitetsikra innlegg

– Dette har vore skikkeleg vanskeleg, men nå er innlegget kvalitetsikra i alle baugar og kantar, fortel Sakariassen.

Han meiner å ha unngått håplause nødrim, men har tydd til dialekt i nokre verselinjer for å få rytmen og rimorda til å gå opp.

Det blir eit versebasert innlegg på fem og fem linjer, utforma som ein Limerick. Dei to første linjene rimer på kvarandre. Deretter dei to neste, før den femte og siste linja skal rima på dei to første.

Politikk og poesi

– Det kjem til å ta tre minutt og det inkluderer SV sitt forslag om å tilsette ein vaktmester på kvar skule og å setja av pengar til rekruttering av førskulelærarar til dei kommunale barnehagane, seier Sakariassen.

I tillegg lovar han å koma inn på bybanen kontra Ryfast.

Mindre gravalvor

– For meg er det viktig at eit bystyre-innlegg ikkje må vera så gravalvorlege, meiner Sakariassen.

Derfor røper han også at innlegget kjem til å bli avslutta med eit frieri.

– Men dei andre representantane kan ta det med ro, seier han. For det blir politisk, ikkje privat, seier han.