– Dette er ei grunnleggjande krise

Kvifor sa Geir Pollestad den same setninga elleve gonger då han blei intervjua av NRK i desember?

Politikere som gjentar samme budskap- uansett hvilket spørsmål de blir stilt, er i ferd med å drepe interessen for politikk. Det mener en professor ved Universitetet i Stavanger, som etterlyser større respekt for velgerne.

VIDEO: Professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, er uroleg for konsekvensane den politiske retorikken kan få for folk sitt engasjement i politiske saker.

«2012 har vore eit av dei mest driftssikre åra me har hatt på Jernbanen.»

Denne setninga repeterer statssekretær i Samferdselsdepartementet, Geir Pollestad (Sp), elleve gonger då han blir bedd om å stilla opp i intervju med NRK 28. desember i fjor.

Signalanlegget hadde skapt store problem på jernbanen denne dagen, men bodskapen regjeringa ville ha på lufta var likevel at 2012, trass alt, hadde vore eit av dei mest driftssikre åra.

  • Sjå heile intervjuet nedst i saka.

Eit demokratisk problem

Det kan verka komisk når ein ser på råopptaket av intervjuet, men Bjørn Kvalsvik Nicolaysen ler ikkje.

Han er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger, og meiner at intervjuet fortel oss om ei grunnleggjande krise i den politiske retorikken.

– Han seier nøyaktig det same opp att heile tida. Dette er eit typisk døme, som me høyrer veldig ofte, seier Kvalsvik Nicolaysen.

Han meiner måten Pollestad gjennomførar intervjuet på, viser ei arrogant haldning til veljarane. Og fryktar at denne type retorikk vil drepa interessa for politikk.

– Det kan vera fleire tilnærmingar til dette. Først og fremst er det ikkje alle gitt å tenka når dei snakkar, dei innøvde setningane erstattar dermed ein skikkeleg diskusjon. Den andre er at språket blir brukt som ein forsvarsmur, og dette er noko eg fryktar, dersom språket blir brukt som ein skjerm framføre å klara opp, seier han.

Han meiner ikkje at Pollestad på nokon som helst måte er ein versting.

– Dette er ei trend. Eit såkalla PR-språk som dei har gått på kurs for å læra, seier han.

Han meiner at dialogen blir ståande att med politikarane sine lausrivne frasar, som inneheld den bodskapen han måtte ha.

– Dette er på ein måte veldig arrogant og det er skummelt i eit valår.

– Ikkje den kjekkaste delen av jobben

Geir Pollestad sjølv tar kritikken frå professoren med ro, og meiner at forma på innslaget dei skal vera med på ofte er avgjerande for kva type svar som blir gitt.

– I denne type saker veit me at me får ein setning på i sendinga, og då ville eg at bodskapen skulle vera at 2012 var eit godt år for togtrafikk. Eg repeterer setninga for å vera viss på at den ikkje blir klippa vekk i etterkant, seier han.

– Det finst andre type format, som opnar for ein større diskusjon.

– Men er ikkje dette likevel litt arrogant?

– Eg trur ikkje det. Me tilpassar oss pressa, som me veit berre vil ha ein setning inn. når me då har eit ønskje om kva setning dette er må me berre gjenta og gjenta og gjenta.

Han meiner seier likevel at dette ikkje er den delen av jobben han liker best.

– Eg kunne godt tenkt meg rom for lengre resonnement, og då kan ein i større grad vera sjølvkritisk og reflekterande, seier han.

Ser også lyspunkt

Kvalsvik Nicolaysen er ikkje samd i at politikarane bør tenka så mykje på repetisjon, men heller koma rusta til intervju på andre måtar.

– Dei bør setja seg inn i sakene. Legga dei fram til open diskusjon, og fortelja kva som må til, seier han.

Å vera litt audmjuke gjer heller ingenting.

– Det verkar som fleire politikarar er redde for å blottleggja seg for veljarane sine, det gjer at me mistar tilliten til dei. Dei må ikkje vera redde for å blottlegga seg, seier han.

Sjølv om han ser mørkt på denne type intervju, som han meiner det blir fleire og fleire av, ser han likevel lyspunkt i dagens politikk.

– Det finst nokre positive tendensar når det kjem til retorikk. Til ein viss grad i programarbeidet, og litt i debattsamanheng. Men denne type intervju tar vekk heile gneista og interessa for politikken.

– Politikk handlar om å endra ting, ikkje å godta ting slik dei er.

Her er intervjuet der Geir Pollestad repeterar seg om og om og om igjen.

VIDEO: Her kan du sjå heile intervjuet, som blei gjort med statssekretær Geir Pollestad på Bryne den 28. desember 2012.

Flere nyheter fra Rogaland