Kven er «vanlege folk» og «folk flest»?

Politikarane snakkar ofte om kva som er best for «vanlege folk» og «folk flest». Men kven er det?

Folk flest

Kven er vanlege folk? Kva driv dei med? Kva i det heile teke er «vanleg»?

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Arbeidarpartiet seier at «no er det vanlege folk sin tur».

Framstegspartiet er «for folk flest».

Venstre set «folk først».

Men kven er desse som alle politikarane hevdar å kjempe for og representere?

Politikarane snakkar ofte om kva som er best for «vanlege folk» og «folk flest». Men kven er det?

Politikarane snakkar ofte om kva som er best for «vanlege folk» og «folk flest». Men kven er det?

Berre 2 prosent er «vanlege folk»

Før Torbjørn Eika blei sjeføkonom i KS, var han forskar i SSB. Der prøvde han å finne ut kven folk flest er (ekstern lenke). SSB spurde nokre tilfeldig valde journalistar som skreiv om personleg økonomi kven folk flest er.

Forsker Torbjørn Eika

Torbjørn Eika.

Foto: Kristian Elster / NRK

Dei antyda at dei er mellom 30 og 39 år, gifte eller sambuande, har mellom eitt og tre barn, at familien tener mellom 600.000 og 900.000 i året og har mellom 1,5 og 3,5 gonger inntekta i gjeld.

– Med dei kriteria fant vi ut at folk flest ikkje utgjorde meir enn 2,3 prosent av befolkninga, seier Eika.

– Kvifor er det so få som er «vanlege»?

– Folk er forskjellige, svarar forskaren kort.

For skal ein talfeste kven som er vanlege, må ein ha nokre solide avgrensingar. Det kan til dømes vere ei gjennomsnittsløn +/- 20 prosent, slik Eika gjorde i si utrekning.

I tillegg vart alder, talet på born, gjeld og sivilstatus tekne med i reknestykket.

– Og då blir det altso ikkje so mange att, då.

– So då må det vere frykteleg vanskeleg å finne ein gjennomsnittsnordmann?

– Ja, gjennomsnittsnordmannen er jo ei eiga historie. Det er ikkje so ofte ein ser nokon med 1,6 born, eller kva snittet ligg på. Men sjølv ein mediannordmann vil det nok ikkje vere so mange av, med mindre ein hadde veldig, veldig vide kriterium, seier Eika.

Inntekt verkar vere viktig

Løn og gjeld var sentrale faktorar i forskarane sitt reknestykke.

Om ein spør dei politiske partia, peikar fleire av dei på pengar som sentralt for kven som er vanleg.

Rødt meiner vanlege folk ikkje har millioninntekt. Ap meiner dei som ikkje har mykje pengar frå før er vanlege. Sp meiner folk flest har uroa seg for å betale rekningane.

Frp trur vanlege folk er dei som har ei «vanleg inntekt» og bur i eit «normalt hus».

Men ein har også parti som MDG som meiner det er «vanleg å vere unik» og Venstre som ikkje vil dele folk i «vanlege og uvanlege».

Olav Olsen
– Folk flest er vel folk flest, seier Olav Olsen.
– Men kven er vanlege folk då?
– Ja, det er vel vanlege folk, går eg ut ifrå?
Miriam Adele Stevenson
– Vanlege folk er vel dei som ikkje er so kjende, seier Miriam Adele Stevenson.
Flavio Donasimento
– Det er sikkert dei som er ute og fartar om dagane. Dei som har dei vanlege ni-til-fem-jobbane, alt det der, seier Flavio Donasimento.
Marianne Roaldsen
– Det er vel alle oss, heldt eg på å sei? Vanlege folk, som deg og meg, seier Marianne Roaldsen.
– Men kvifor reknar du deg som vanlege folk?
– Eg går på jobb og gjer vanlege ting. Syklar til byen og... ja?
Petter Alvestad
– Når politikarane pratar om «folk flest», snakkar dei nok om dei som ikkje er eliten, altso rike og mektige folk. Men dei er nok ganske like som oss, trur no eg, seier Petter Alvestad.

Politikarane kan ikkje bestemma kva orda betyr

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, seier at ein ikkje alltid må talfeste eller ta alle mogelege atterhald når ein skal kommunisere eit enkelt bodskap.

Åse Wetås

Språkdirektør Åse Wetås seier at «vanlege folk» og «folk flest» er eit enkelt omgrep alle bør forstå utan å måtte talfeste kva det betyr.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Folk flest trur eg dei fleste skjønar kva betyr, om dei legg godviljen til.

Wetås seier det ikkje er politikarane som bestemmer kva uttrykket representerer.

– Alle som brukar norsk er med og har makt over kva orda og omgrepa våre betyr. Eit bestemt politisk parti eller politikar kan ikkje bestemme kva ei slik vending eigentleg betyr for noko.

Flere nyheter fra Rogaland