NRK Meny
Normal

Vågar ikkje å krevje betaling for privat jobbparkering

Statens vegvesen sine modellar for å oppnå nullvekst i biltrafikken på Nord-Jæren føreset avgift på privat jobbparkering på Forus. Politikarane set si lit til at høgare bompengar skal vera nok.

Privatbilar på stor privat parkeringsplass på Nord-Jæren

Det kan bli slutt på gratis "jobbparkering" på Nord-Jæren, men politikarane har ikkje hastverk.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Høgare avgift i bomringen på Nord-Jæren frå neste haust er ikkje nok for å nå målet om å hindre auke i personbiltrafikken. Det slår Statens vegvesen fast i "byutredningen", som blei ferdig for kort tid sidan.

Tina Jacobsen, rådgjevar Statens vegvesen, portrettbilde

Rådgjevar i Statens vegvesen i Stavanger, Tina Jacobsen, har hatt ansvaret for byutredningen på Nord-Jæren.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me har sett på perioden frå 2016 til 2030, og dersom auka bompengar er det einaste grepet så kjem biltrafikken til å gå opp med 12 prosent i 2030, seier rådgjevar Tina Jacobsen i vegvesenet.

Parkeringsavgift i tillegg

Regjeringa krev nullvekst i personbiltrafikken for å gi ekstra støtte til kollektivtrafikken i dei fire største byområda i landet.

Men for å få til det på Nord-Jæren må bustadbygginga i framtida skje i sentrumsnære område, og prisen for å parkera privatbilen må gå opp, viser utrekningar frå vegvesenet.

I fire av fem modellar for å oppnå nullvekst i biltrafikken, har vegvesenet lagt inn auka parkeringsavgift, og i tre av dei står det også at tilsette som i dag har gratis jobbparkering, for eksempel på Forus, må byrja å betala for dette.

– Me ser i utrekningane me har gjort at arealgrep og parkeringsgrep gir god effekt dersom me ønskjer å nå nullvekstmålet, seier Jacobsen.

Motstand på Forus

Ikkje overraskande er dagleg leiar for Forus Næringspark, Stein Racin Grødem, sterkt kritisk til denne løysinga.

– Reint juridisk så er det ikkje noko problem å leggje parkeringsavgift på private parkeringsplassar på Forus, men politisk så blir det vanskeleg, seier han.

Stein Racin Grødem

Dagleg leiar i Forus Næringspark, Stein Racin Grødem, meiner dei som køyrer til Forus kjem til å betala nok i bompengar.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Racin Grødem minner om at dei som køyrer bil til Forus då må betala dobbelt, først i bomringen og deretter på parkeringsplassen.

Seier foreløpig nei

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal er mest opptatt av å sjå verknaden av at bompengane blir auka til 44 kroner i rushtida og 22 kroner elles i døgnet, frå oktober 2018.

Solveig Ege Tengesdal

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF), satsar på at biltrafikken skal gå ned utan å auke parkeringsavgiftene.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– I 2018 og 2019 blir det viktig å måle effekten av dei ulike tiltak som alt er sett i verk for å få ned biltrafikkveksten, seier ho.

Torfinn Ingeborgrud, som er gruppeleiar for Miljøpartiet dei Grøne (MDG) i Fylkestinget, meiner at avgift på jobbparkeringsplassar er ein interessant idé.

Men både Kjartan Alexander Lunde (Venstre) og Marianne Chesak (Ap) er av same meining som fylkesordføraren. Foreløpig er det nok med auka bompengar, og det er ikkje tid for å lansera endå større bører på skuldrene til privatbilistane på Nord-Jæren.

– Nå er jo dette ein modell som vegvesenet har laga, og det er vel slik at røyndomen sjeldan blir slik som modellen, trøystar Ege Tengesdal seg med.