Hopp til innhold

Politihund spora opp bilførar

Dei to mennene som var involvert i eit trafikkuhell ved Shell-stasjonen på Tananger er nå tekne av politiet. Dei stakk frå staden etter å ha krasja med ein trailer, men politihunden Morgan har spora dei opp, opplyser politiet. Dei blei tekne med til legevakta for blodprøve.