– Kvalen ligg ikkje støtt og kan velta litt i bølgjene. Med tanke på at dette er ein svær kval er det derfor viktige at folk held avstand og er forsiktig, seier Brit Randulff, som er operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt.
Det var i føremiddag ein spermkval på mellom fem og ti meter blei oppdaga i sjøen utanfor Hellestø. Den skal ha vore i live då, men klokka 12 melde politiet at kvalen truleg er død.
Nyheita om ein kval på Hellestø fekk mange til å leggja sundagsturen her, så mange at det til tider har vore trafikkaos.
- Les òg:
Mange går for nærme
Av dei skodelystne er det mange som går ut i sjøen og tek på kvalen, både barn og vaksne. Derfor har Sola kommune sendt ut eigne folk for å halda publikum tilbake.
– Me ber folk om å halda seg på avstand. Me vil truleg ha folk der til i 20-tida i kveld. Måndag morgon sender me nok ut folk på ny, seier leiar for kommunikasjon i Sola kommune Marthe Berge.
Ho seier at kommunen framleis ikkje har konkludert med kva som skal skje med kvalen. Det som i alle fall er sikkert er at den blir liggande til i morgon.
– Me vurderer kor vidt den skal slepast ut på sjøen for senking, eller om den skal fjernast på andre måtar, seier ho.
Sist gong ein spermkval stranda på Sola, i 2001, blei kvalen slept på land og greven ned på søppeldungen på Sele.