Politiet: – Det blir bøtelegging og tauing

Parkerings- og trafikkaoset ved Preikestolen kan vera til fare for liv og helse. Politiet lover dei vil slå hardt ned på overtramp.

Kø på Prteikestolveien

SPRENGT KAPASITET: Dei siste dagane har kapasiteten på parkeringsplassen ved Preikestolhytta vore sprengt. Det har ført til mange feilparkeringar langs den til tider smale vegen i Forsand.

Foto: Magnus Stokka

Mette Steffensen

Mette Steffensen er politioverbetjent ved Strand og Forsand lensmannskontor.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

– I går kilte det seg fleire stader, og slik kan me ikkje ha det, seier politioverbetjent ved Strand og Forsand lensmannskontor Mette Steffensen.

Ho snakkar om parkeringskaoset som oppstod då godvêret inntrefte på ein av norges mest populære naturattraksjonar, Preikestolen i Forsand. Kapasiteten på parkeringsplassen der turvegen startar var fullstendig sprengt både i går og i dag.

Farlege feilparkeringar

Dermed parkerte folk langs vegen, og fleire av parkeringane var direkte farlege ifølgje politiet.

– Det som er viktig for oss er at naudetatane og folkehjelpa kjem opp dersom det skjer noko der oppe. Vegen må vera klar, seier Steffensen.

Det går shuttlebussar frå Forsand og opp til Preikestolen for dei som vil unngå parkeringsproblem, men elles er det lite som kan gjerast meiner styreleiar i Stiftelsen Preikestolen, Leif Magne Kleppa. Dei ønsker ikkje å regulera trafikken.

Bilar som står parkerte langs vegen ved Preikestolen kan skapa alvorlege problem for folkehjelpa og naudetane. Nå åtvarar politiet bilistane om aksjon.

Politiet var på plass då det blei kaotisk i trafikken ved Preikestolhytta også i dag.

Vanskeleg å vita kor mange som kjem

– Preikestolen blir marknadsført på sosiale medium av folket. Så om det blir 500.000 eller ein million som går til Preikestolen i framtida er ufatteleg vanskeleg å vita, seier Kleppa.

Sprengt kapasitet er likevel ikkje ei unnskyldning for feilparkeringar, seier politiet, som lover aksjonar.

– Det blir bøtlegging og fjerning av bilar, seier Steffensen.