NRK Meny

Politiet vil ha tips om blottar

Politiet i Haugesund har sendt ut ei pressemelding der dei ber om tips i samanheng med ein blotteepisode som skal ha skjedde i Haraldshallen under Regy cup på laurdag. Fleire mindreårige gutar melde frå til personalet om at ein vaksen mann blotta seg og oppførte seg upassande framføre dei i dusjanlegget til symjehallen. Politiet veit verken kven gutane eller mannen er og ønsker derfor tips i saka på telefon 02800.