NRK Meny
Normal

Politiet vil ha taxivakter på byen

Med vakter i taxikøen vil valden på byen gå kraftig ned, er teorien til politistasjonssjef Odd Tveit Jørgensen i Stavanger. For taxiselskapa blir dette eit spørsmål om økonomi.

Politiet i patruljerar i Stavanger

VIL HA TAXIVAKTER: Valden i Stavanger har gått ned den siste tida. Med taxivakter vil den gå endå meir ned meiner politiet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Jørgensen og Hernes

Politistasjonssjef Odd Tveit Jørgensen vil redusera valden som skjer i helgane i Stavanger sentrum.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg meiner det kunne blitt betre om drosjeselskapa hadde eigne vakter i køen som sorterte og hadde orden på drosjekøen, seier politistasjonssjef i Stavanger Odd Tveit Jørgensen.

For når utestadene stenger, og fleire folk skal venta på drosje, er det ikkje framand for politiet at det oppstår krangling og valdsepisodar.

Drosjenæringa samd

Taxinæringa meiner også at det å ha vakter i taxikøen kvar helg ville vore det optimale. Men ifølgje avdelingsleiar i Stavanger Taxi, Harald Birkedal, er det for dyrt for taxinæringa å ta ei så stor utgift aleine:

– Me veit at ting roer seg når me har vakter i sentrum. Det ser me dei gongene me har vakter, under festivalar, julebord og liknande. Størsteparten av rekninga er det me i drosjenæringa som må ta, derfor er dette eit kostnadsspørsmål for oss, seier Birkedal.

Han seier at tilbakemeldingane når dei har taxivakter er svært bra frå kundar og sjåførar.

– Kven meiner du bør ta rekninga med taxivakter?

– Me skal sjølvsagt vera med. Men kommunen og utelivsbransjen må bli med i langt større grad enn det dei er i dag.

Kommunen vil sjå nærmare på saka

Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, seier at dersom politiet tilrår vaktar i taxikøane kvar helg, så vil kommunen sjå nærmare på dette:

– Her meiner eg at kommunen saman med drosjenæringa må setja seg ned og koma til ei løysing, seier Sagen Helgø.

Ho meiner også at det bør vera eit spleiselag mellom drosjenæringa, utelivsbransjen og kommunen.

– Skal me få til å bli betre i denne byen må alle aktørane jobba saman, og det skal me i kommunen sjølvsagt gå i spissen for, seier Sagen Helgø.