Hopp til innhold

Politiet var med på frieri

Ein politipatrulje i Haugesund fekk i går kveld spørsmål frå ein gifteklar mann om dei kunne hjelpa til med eit frieri, noko dei sa ja til. Dei plassera mannen inn i politibilen, og då venane bad kjærasten hans om å koma såg ho at mannen tilsynelatande var arrestert. Han spratt ut av bilen, gjekk ned på kne og fekk eit ja. Politiet var glade for å kunne hjelpa til opplyser operasjonsleiar Trond Børge Åsbu.