Hopp til innhold

Slit med gamle saker

Ved utgangen av mai sat Haugaland og Sunnhordland politidistrikt med heile 936 uoppklarte straffesaker som er eldre enn eit halvt år. Folk som burde fått fengselsstraff får gå fri.

Norges lover
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NRK

 

Tinghusdommar i Karmsund tingrett, Svein Åge Skålnes seier at dette får store konsekvensar for avgjerdene i dommane.

- Vitne har til dømes større problem med å hugsa kva som har skjedd, fortel dommaren.

Folk som skulle vore fengsla går fri

Skålnes seier at straffbare forhold som i utgangspunktet skulle hatt ein ubetinga reaksjon, kan få ein betinga reaksjon dersom det går for lang tid.

- Det vil sei at folk som skulle ha vore i fengsel går fri. Det er eit stort problem, legg Skålnes til.

Påtaleleiar Gro Rossehaug
Foto: Alf Ove Hansen / Scanpix

Påtaleleiar Gro Rossehaug stadfestar at talet på straffesaker har gått opp dei siste månadane. I tillegg har fleire juristar vore i permisjon utan å bli erstatt. Ho vil likevel ikkje seie at politidistriktet prioriterer feil.

- Ein kan ha jobba noko annleis den siste tida, og diverre må me jobba hardare framover nå.

Lovar å rydde opp

Rossehaug lovar auka fokus på å få ned talet på gamle saker, og innrømmer at politidistriktet står framføre store utfordringar.

- Det er ingen som er tent på å ha ei straffesak hengande over seg over lang tid.

Rossehaug seier at det heller ikkje har den effekten som politiet ynskjer i straffesakene når enkeltpersonar blir belasta ved å måtte vente.

- Derfor er hovudfokuset nå å få rydda opp, seier ho.