NRK Meny
Normal

Politiet om siste utvikling i Tina-saka: – Kunne tenkt oss lydopptaket tidlegare

På fredag fekk politiet inn nok eitt lydopptak i Tina-saka. Nå skal dei gjera nye undersøkingar basert på informasjonen som har kome fram.

Bjørn Kåre Dahl

Bjørn Kåre Dahl leiar etterforskinga i Tina-saka. Dei har nå to lydopptak av ein 36 år gamal mann frå Lyngdal, som fortel at han har vore involvert i drapet.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– Blei de overraska då de fekk inn eitt nytt lydopptak?

– Eg vil ikkje karakterisera det på den eine eller andre måten, men det er klart at me kunne tenkt oss å få inn dette opptaket tidlegare.

Det seier etterforskingsleiar for det 15 år gamle drapet på Tina Jørgensen i Stavanger, Bjørn Kåre Dahl.

På fredag fekk dei inn eit nytt lydopptak, der ein av dei fire sikta i Tina-saka skal ha snakka om at han var involvert i drapet i 2000. Dette skal vera same person som politiet allereie har eit lydopptak av. I det første opptaket, som TV2 har publisert delar av, seier han mellom anna at det er hundre prosent sikkert at han var der då Tina Jørgensen døydde.

Nye undersøkingar

– Kjem det fram nye opplysningar i det nye opptaket?

– Eg vil verken gå inn på kva det blir snakka om eller kven som snakkar på lydopptaket, seier Dahl.

Han stadfester likevel at opptaket vil danna grunnlag for nye undersøkingar.

– All informasjon me får inn vil danne grunnlag for å gjera undersøkingar, men om opplysningane som kjem fram i opptaket er nye eller ikkje ønsker eg ikkje å gå inn på, seier han.

Dahl fortel vidare at dei nå driv med etterarbeid i samanheng med alle avhøyra som har blitt gjort, i tillegg til å gjennomføra nye avhøyr. Dei fire som er sikta i saka skal ikkje inn til nye avhøyr i nær framtid.

Dei er alle lauslatne frå varetektsfengslinga, men er framleis sikta for drap eller medverknad til drap.

Tek opptaket til etterretning

Forsvararen til 36-åringen frå Lyngdal som skal vera på lydopptaket, Odd Rune Torstrup, fortel at han blei kjent med det nye lydopptaket gjennom media.

– Klienten min tek det til etterretning, og eg har bedd politiet om å få ein kopi av opptaket, seier Torstrup.