Hopp til innhold

Politiet rosar russen for vellukka feiring

Dei to store russetreffa i Kongeparken utanfor Stavanger og i Lillehammer har gått svært roleg føre seg, i forhold til kor mange russ som har vore samla og festa, ifølge politiet. Meir enn 21.000 russ deltar på dei to arrangementa.

Russetreff

Russen får generelt gode skottsmål av politiet for feiringa på landstreffet på Ålgård (biletet) og i Lillehammer.

Foto: Erik Waage

«Vellykket feiring i Kongeparken. Godt vær og god stemning ...»

Det skriv politiet på Twitter om russen sitt landstreff på Ålgård utanfor Stavanger. Russetreffet er landets største og samlar 13.000 russ frå heile landet.

Politiet melder likevel om nokre fleire oppdrag laurdag enn fredag.

– Det har ikkje vore nokre alvorlege hendingar. Det har vore nokre mindre slagsmål, men ingen er alvorleg skadde, samanfattar operasjonsleiar Helene Strand i Sør-Vest politidistrikt til NRK.

– God og vellukka feiring

I løpet av laurdagen blei sju personar viste vekk frå arrangementet og tre personar blei melde for narkotikabruk. I løpet av helga har politiet tatt fem personar for narkotika, ifølge NTB.

– Det verkar som ei god og vellukka feiring i Kongeparken. Det har vore vakthald frå vaktselskap og godt med politi på kvelds- og nattetid, opplyser operasjonsleiar Strand i politiet.

På grunn av narkoaksjonen i Drammen, kor åtte russ blei arresterte, og uromeldingane i Bergen, har landstreffet utanfor Stavanger i år hatt ekstra merksemd på narkotika.

– Har gått veldig pent og ordentleg føre seg

I Lillehammer, kor 8.000 russ deltar på landstreff i helga, har det også gått roleg føre seg.

– Det har gått veldig pent og ordentleg føre seg. Me har ingen som er frakta til arresten her i politidistriktet. Det har vore nokre småhendingar som går på krangling og småslåsting, men elles ingen saker som er melde for etterforsking, samanfattar operasjonsleiar Ann Karin Sundgården i Innlandet politidistrikt, til NRK.

Ho gir dei fleste russ svært gode skottsmål.

– Mesteparten av russen er fin og god ungdom, og eg trur russetreffet på Lillehammer er veldig godt organisert.