Hopp til innhold

– Døra var sperra med ein stokkliknande gjenstand

Politiet meiner det var nødvendig å knusa ei rute for å koma seg inn til Neda Ibrahim og familien hennar for å tvangsreturnera dei natt til i går.

Neda-saka

Natt til tysdag blei tolv år gamle Neda, og familien hennar, henta av politiet i bustaden deira på asylmottaket på Dale i Sandnes. Politiet knuste ruta for å koma seg inn.

Foto: Tine Poppe / Mari Friestad

– Døra var blokkert på innsida med ein stokkliknande gjenstand, fortel Jarle Søyland, sjef på utlendingsseksjonen ved Rogaland politidistrikt.

Dette seier han var årsaka til at dei knuste ei rute på Dale i går, då dei tok seg inn til ein familie med to vaksne og fire barn på Dale mottakssenter. Familien har vore i Norge i ti år, men skulle tvangsreturnerast til Jordan.

– Politiet kakka ruta, stakk inn handa, og låste opp frå utsida, fortel Søyland.

– Forstår at barna kan bli redde

Eit av familiemedlemma var tolv år gamle Neda Ibrahim. Ho gav familien, og asylbarna, eit andlet då ho sa «Eg liker Norge, men Norge liker ikkje meg» til Dagsrevyen for om lag to år sidan. På veg til Jordan i går snakka Neda med ein Aftenblad-journalist, og fortalde at politiet hadde knust ruta.

Dette fekk mange til å reagera. Også politikarar som sit i regjeringa, som er ansvarlege for asylpolitikken i landet.

– Eg forstår at barna kan ha blitt redde, men dette blir gjort i den grad det kan gjerast skånsamt. Det er ikkje snakk om å dundra inn eit vindauge, det er ei lita rute i ei dør som blir slått hull på, fortel Søyland.

Mange spørsmål i politiet

Han seier at reaksjonane også kjem innanfor politiet.

– Det er mange som stiller spørsmål, og me diskuterer dette jamleg. Me er opptekne av å gjera dette så skånsamt som me kan. Eg forstår likevel at folk ikkje kan forstå at det går an å gjera dette på ein skånsam måte, seier han.

Polititenestemennene som driv med denne type aksjonar er røynde, og veit kva dei går til seier han. Men ingen kan reservera seg mot denne type oppdrag.

– Vedtaket er fatta, politiet har fått jobben og politiet gjennomfører. Slik tenker me om dette.

At aksjonen skjer på natta meiner han er naturleg.

– Det ligg fleire vurderingar bak dette. Hentar me på dag må me henta på skulen eller i barnehage. Hentar me på kveld må barna ha ein plass å vera fram til flyet går morgonen etterpå, og me kan ikkje setja dei i fengsel. Me har likevel ikkje problem med å forstå at også dette kan virke brutalt.