Hopp til innhold

Brann i barnehage: politiet leitar etter gjerningsperson

Etter ein mindre brann er politiet i Stavanger no på leit etter ein mogleg gjerningsperson.

Andreas Nice, fungerande innsatsleiar

Fungerande innsatsleiar Andreas Nice seier politiet har fått opplysningar frå vitne som dei må jobbe vidare med.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Klokka halv ni torsdag kveld meldte politiet om at det brann i Bekketunet barnehage i Stavanger.

Brannen vart fort sløkt, men no leitar politiet etter ein mogleg gjerningsperson.

Personen skal vere ung, ifølgje vitne.

– Politiet har fått melding om at brannen var påsett, seier fungerande innsatsleiar Andreas Nice.

– Brannvesenet fekk fort kontroll på brannen. Der er skadar på det som ser ut til å vere eit skur ved sidan av.

Politiet etterforskar no brannen.

– Hadde det utvikla seg kunne fort heile barnehagen gått med, seier Nice.

Politiet veit ikkje om der var personar inne i barnehagen, men ingen personar er skadd.

Bekketunet har to andre barnehagar, Maurtua og Barnas hus, som næraste nabo.