NRK Meny
Normal

Politiet lærte elevane nettvett

Fleire elevar ved Kannik ungdomsskole i Stavanger har blitt utsette for digital mobbing og blitt frårøva identiteten. I dag fekk dei opplæring i nettvett av politiet.

Lærte om nettvett

VIDEO: Politibetjent Pål Nedrebø besøkte tysdag Kannik skole for å fortelja elevane om kva alvorlege konsekvensar nettmobbing kan få.

– Eg trur ikkje folk tenker så langt. Dei klikkar på bilete og sender det vidare, og trur det var alt. Men så kan dei faktisk ha gjort drastiske ting med den det gjeld, seier elevrådsleiar ved Kannik, Tuva Katrine Osmundsen

Fleire elevar på åttande trinn ved skulen har blitt fråstole identiteten sin. Andre har oppretta ein snapschat-brukar i deira namn og sendt pornografiske bilete til venner.

Skulen har meld saka til politiet. Dei etterforskar nå fleire tilfelle av mobbing og trakassering på nett.

Rektor Kannik

Rektor ved Kannik, Stein Endresen.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund

– Det dreier seg om sjikane og trakassering av nokre av våre elevar på skulen. Dei har blitt bombarderte med meldingar av ikkje bra karakter, seier rektor ved Kannik skole, Stein Endresen.

Politiet på besøk

Tysdag var politiet invitert til skulen for å fortelja elevane at det som kan oppfattast som uskuldig moro kan få store konsekvensar.

– Dersom dei får ein sak på seg og får eit førelegg for eksempel, vil det visa i ganske mange år på ein politiattest, seier politibetjent Pål Nedrebø i Rogaland politidistrikt.

Pål Nedrebø

Politibetjent Pål Nedrebø i Rogaland politidistrikt.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund

Ida Risanger Sjursø er stipendiat ved Universitetet i Stavanger og forskar på mobbing. Ho synst det er bra at Kannik skole har tatt kontakt med politiet i denne saka.

Sjursø har samanlikna den digitale med den tradisjonelle mobbinga i sitt arbeid.

– Dei som bli utsette for digital mobbing har i større grad symptom på angst enn dei som blir utsette for tradisjonell mobbing. Det er eit veldig interessant og viktig funn når me skal jobba med dette, seier ho.

Elevane ber dei vaksne om hjelp

Politiet ber elevane om å ta ansvar og omsyn på sosiale medium. Elevane meiner dei òg treng hjelp frå dei vaksne.

– Eg føler det er vaksne som kan gjera noko med dette, men det er ikkje lett når det skjer på nett. Men det er uansett viktig å stoppa nettmobbing, seier elevrådsleiar Tuva Katrine Osmundsen.