Bankdirektør: – Politiet tar ikkje svindelsaker på alvor

Berre i fjor blei bankkundar i Sparebank 1 SR-Bank svindla for 20 millionar kroner. Politiet tok aldri kontakt for å få ut informasjon om svindlarane.

Nettsvindel - nettside

Frå denne nettsida blei nyleg ein jærbu svindla for 2,4 millionar kroner. Politiet la vekk saka same dag som ho blei meld.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Hadde politiet kome til oss, hadde dei fått spor å gå etter. Me sit jo på informasjon om transaksjonane i desse svindelsakene, seier Thor Christian Haugland, konserndirektør i Sparebank 1 SR-Bank.

Han er skuffa over at politiet lar vera å etterforska stadig fleire saker der nordmenn blir svindla på nett.

– Svindlarane bygger seg sterkare

– Ved å ikkje ta dette på alvor, aksepterer me at det blir overført store pengesummar til kriminelle organisasjonar i Europa. Dei bygger seg sterkare og sterkare, og det fører til endå større risiko for oss, seier han.

Thor Christian Haugland

Konserndirektør i Sparebank 1 SR-Bank, Thor Christian Haugland, er kritisk til politiet sin innsats i svindelsaker.

Foto: Erik Waage / NRK

Nyleg fortalde NRK historia om «Kåre», som blei svindla for 2,4 millionar kroner.

Nå viser det seg at politiet la saka vekk same dag som den blei meld.

– Fokuset vårt er det førebyggande, å åtvara folk om at dette er noko dei ikkje bør gjera, seier Terje Njærheim, avsnittsleiar ved Økoseksjonen i Sør Vest politidistrikt.

Han seier likevel at kvar sak dei får inn, blir vurdert.

Tar sjølvkritikk

– Me ser om det er mogleg å stoppa transaksjonar innan kort tid, men det som er sendt ut av landet, er ofte tapt. Der kjem me litt til kort.

– Politiet har aldri kontakta SR-Bank i slike saker. Kva tenker du om det?

– Me nok litt å gå på når det kjem til samarbeid med bankane. Me må ha meir dialog. Dette er ikkje noko me klarer sjølv, men noko alle involverte aktørar må kunne samarbeida om. Då kan me få eit betre resultat, seier han.

Fleire bankar meiner det same

NRK har også spurt andre bankar om dei har same inntrykk.

Ein leiar i ein stor norsk bank, som ikkje vil stå fram med namn, stadfester at politiet ofte legg vekk sakene med opphav i utlandet.

– Den unisone tilbakemeldinga frå dei bankane eg har spurt, er at slike saker blir lagt vekk utan nærmare etterforsking.

Hos DNB håper dei at den nyopna politieininga Norsk Cyber Crime Center (NC3) vil gjera politiet betre rusta til å hamla opp med digital svindel.

– Me har generelt eit godt samarbeid med fleire delar av politiet, men i enkelte saker ser me at dei ikkje har tilstrekkeleg kapasitet til å etterforska, seier Terje Fjellvær, ekspert på nettkriminalitet i DNB.

Terje Njærheim i politiet tar sjølvkritikk, men understrekar at sakene er svært kompliserte.

– Svindlarane jobbar kanskje i land ein, har dei kundar i land to og produkt i land tre. Betalinga går til land fire, og dei sjølv held seg i land fem. Det er veldig komplekst, seier han.